Om Buktanavlen

Buktanavlen.no er informasjonsveven til Mardal krins. Her finn du informasjon om hendingar, litt sladder, og all anna informasjon du skulle trenge om Bukta. Om det er noko du saknar, nøl ikkje, men ta straks kontakt med ein av kontaktpersonane i krinsen:

Kontaktpersonar i krinsen:
Svein Ove Langeteig, leiar
Bergfrid Mardal, utleige
Odd Nilssen, kasserar
Leiar 4H, styremedlem
Lise Elvebakk, styremedlem
Anne-Iren Elvebakk, styremedlem

Siste kommentarer

Liv (Dugnad Gapahuken): Fantastisk bra resultat.A…
Edny (Er du klar for Tr…): Siste tysdagsturen,som st…
Marie (Er du klar for Tr…): Veiret var absolutt lagle…
elise (Er du klar for Tr…): eg møter opp i kveld. det…
Edny (Er du klar for Tr…): TYSTADSTØYLEN-ALMESTØYLEN…
Marie (Er du klar for Tr…): Eg må nok seie at eg ikkj…
Edny (Er du klar for Tr…): Det er fremdeles litt fer…
Marie (Er du klar for Tr…): Jau, dei oppmøtte bestemt…
Edny (Er du klar for Tr…): Har brukt feil kode og kj…
marie (Er du klar for Tr…): Det vart ikkje Blådalen. …

Kalender

« Januar 2012
S M T O T F L
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31        

Arkiv

Neste arkiv

01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 mai - 31 mai 2008
01 jun - 30 jun 2008
01 jul - 31 jul 2008
01 aug - 31 aug 2008
01 okt - 31 okt 2008
01 nov - 30 nov 2008
01 des - 31 des 2008
01 jan - 31 jan 2009
01 feb - 28 feb 2009
01 apr - 30 apr 2009
01 mai - 31 mai 2009
01 jun - 30 jun 2009
01 jul - 31 jul 2009
01 aug - 31 aug 2009
01 sep - 30 sep 2009
01 des - 31 des 2009
01 jan - 31 jan 2010
01 mar - 31 mar 2010
01 apr - 30 apr 2010
01 mai - 31 mai 2010
01 jun - 30 jun 2010
01 jul - 31 jul 2010
01 aug - 31 aug 2010
01 jan - 31 jan 2011
01 feb - 28 feb 2011
01 apr - 30 apr 2011
01 mai - 31 mai 2011
01 nov - 30 nov 2011
01 des - 31 des 2011

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

04 12 11 09:27Juleverkstad

Vi minner om juleverkstaden på skulen i dag (søndag 4.12) kl 14.00.

Atle - Ingen kommentarar

09 11 11 14:02BYGDAKVELD

Det vert bygdakveld på Mardal skule
søndag 13. november kl. 20.00

Program:
Tale ved Sjur Atle Austrheim
Musikk med Grannelaget
Kaffi/mat/åresal/bordkonkurranse

Vel møtt gamal som ung
- Bygdakveldkomiteen -

SveinOve - Ingen kommentarar

05 11 11 08:07Julenummer Buktabladet

Vi ynskjer stoff til julenummeret også i år, som om du har noko på hjartet tek vi gjerne imot. Vi set innleveringsfristen til utgangen av november, og du kan sende inn stoff, helst i word-format, til mi epostkasse:  atle.soreide@enivest.net.

Atle - Ingen kommentarar

14 10 11 16:23Basar på Mardal skule

Søndag 16. oktober kl. 16 er det klart for årets krinsbasar i Bukta. Vi håpar at mange vil ta seg tida til å møtast denne dagen, og vi kan freiste med god mat og drikke i tillegg til flotte vinstar og god stemning.

Vi reknar med å avslutte rundt klokka sju.

Vinstar vert tekne i mot med takk! 

Det vi være folk på skulen fredag frå kl 18, og søndag frå kl 14

SveinOve - Ingen kommentarar

21 09 11 15:43Dugnad Gapahuken

Lørdag 24. sept kl 09 blir det stordugnad på gapahuken ved Veslevatnet; vi skal da skjære torve og få denne på taket. 4H vil ikke klare denne jobben uten hjelp fra bygdas folk - håper du har anledning å hjelpe til med denne storjobben!

For å kunne planlegge arbeidet, vg ta kontakt med Kjell Heggdal hvis du kan stille på, tlf 4824 9581

SveinOve - Berre en kommentar

19 07 11 12:37Er du klar for Traudalsnibba i kveld?

Har vore spent på veret, om det held seg eller om det blir ringare. Førebels (kl 14.00) ser det greitt ut, men vi får no sjå, meldingane seier at det skulle bli dårlegare utover kvelden og natta.

Atle - femten kommentarar

11 07 11 21:53Blir det Hyentur?

Det er ikkje turver nett no, men meldingane for morgonkvelden er brukbare. Om det er lageleg ver vil eg råde til turstart kr 18.00, det er tross alt tre kvarter å køyre. Turen frå Ronggkleiva via Rombergvatnet og Mjellemstøylen vart gått også i fjor, men då var det mange som ikkje var med. Kanskje lagar det seg denne gongen?

Atle - tre kommentarar

06 07 11 14:03Ein nydeleg kveldstur til Trollenyken

Snakk om å vere heldige med veret. Det var heitt å gå oppover i skogen, men oppe på fyrste platået ved Skipenessætra opna landskapet seg, og deretter var det fint å gå. Og for ei utsikt vi fekk, innover Hyefjorden mot Holme, Gloppefjorden, Grodås, Ålfoten og langt utover Nordfjorden. Vi var ikkje åleine oppe denne kvelden, men var vel kanskje dei som brukte mest tid på toppen, for vi tok 23-ferja tilbake. Råsa var fast og fin, og stort sett tørr heile vegen, lett å finne var den og.

Atle - Ingen kommentarar

04 07 11 20:55Trollenyken på tysdag?

Blir veret som måndagskvelden er det laga for Eidatur, men om skyene heng nedover fjella er det ikkje eigna til å gå den turen. Det er steikjande vanskeleg å seie det no, så eg må be dokke om å vurdere dette ved å sjekke skylaget. Dersom det er Trollenyken ver må vi starte tidlegare enn vanleg. Då bør vi reise over med kvart over seks ferja. Turen opp tek ca to timar, kanskje litt i underkang, og der er ein fantastisk fin utsikt, blant anna innover mot Hyen og Gloppefjorden. Ved lageleg TN-ver må vi satse på frammøte seinast ti på seks ved skulen.For dei som ikkje veit det er Trollenyken det fjellet vi ser rett over inngangen til Lotetunellen på vår side. Den ligg på rett under 900 moh, så det er ikkje så stygghøgt, men vi startar nesten ved havnivå så det er bra stigning. Råsa slynger seg oppover mot Skipenessætra, tek deretter litt til venstre og går vidare opp gjennom lia mot toppen.

Atle - Ingen kommentarar

28 06 11 09:19Tysdagstur i kveld

Det høljar ned og dei melder 5-års flaum. Det er difor uaktuelt å gå på oppsett tur i kveld. Men eg ser ikkje bort frå at nokon vil ha ein kveldstur i regnet, i så fall må ein møte til vanleg tid.

Atle - tre kommentarar

21 06 11 21:47Vår fyrste tur til Øykjeheia

No skal eg fortelje dokke om korleis det var å køyre/gå frå skulen til Øykjeheia, minutt for minutt. Altså:  Vi starta ved skulehuset halv sju, køyrde ned Gjærabakkjen og over Jardølsbruna før vi køyrde opp Smøgabakkjen...    

Vi var berre tre i kveld, sjølv om veret var rett så fint til turgåing. Og for alle var dette fyrste gongen vi gjekk denne turen. Vi gjekk råsa innover dalen lenge, for lenge, før vi tok opp mot heia. Og eg trur at vi kan setje namna vår på dei traseane vi valde, ingen kan ha gått der før, og ingen treng å gå der for ettertida. Vel oppe skreiv vi oss inn i hytteboka og rasta litt før vi fann den eigentlege råsa ned att. Og då såg vi også kor vi bomma. Ikkje altfor godt merka med andre ord, og då er det særleg starten i vedgdelet der vi gjekk feil eg tenkjer på. Vi var nede att på Nesstøylen litt over 10, og det på den lysaste kvelden i året.

Atle - Berre en kommentar

20 06 11 21:08Som vanleg litt usikker på veret dagen før

Men det kan kanskje bli ver til ein tur på Øykjeheia i morgon. Turen går i så fall frå Nesstøylen/Ytre Kandalsstøylen og inn og opp fjellsida til vatnet på 887 moh. Ca 450 meter stigning med andre ord. Kan vere litt vassføring i elvar og grøver, så ver budd på det. Tenk også at det kan kome ei bye, dei vi har hatt dei siste dagane har vore våte og ikkje langvarige.

Atle - Berre en kommentar

13 06 11 19:11Dårlege meldingar for i morgon

gjer at eg ikkje torer å seie noko vetigt om tysdagsturen denne veka. Meldinga er slik at det ikkje er tilrådeleg med fjelltur, i alle fall ikkje i høgda. I skrivande stund reknar eg difor ikkje med at det blir tur til Nautskorklumpen som er sett på lista denne datoen. Så det blir opp til dei frammøtte å bli einig om vegvalet vil eg tru.

Atle - Ingen kommentarar

07 06 11 20:14Vi delte oss i kveld

Det var ikkje veir til å reise til Hyen, til det låg skodda for tjukke rundt lång ned i fjellja. Difor vart det to lokale turar med utgangspunkt frå skulen. Eine gruppa på tre gjekk opp til Veslevatnet langs vegen og ned att til Mardal. Den andre gruppa på fire utfordra skjebnen i form av slepne ræser og  gjekk opp Høgane, Hjellhola, Kloppa, Høgebruna, Nilsholevegen til Kvitegrova og deretter tilbake til skulen. Dei lokalkjende og dei som var med veit kvar dette er. Det var vått i terrenget og stor luftfuktigheit, men det var fin temperatur og opplett heile tida.

Atle - Berre en kommentar

11:34Jardalsvegen

Støypearbeidet er ferdig etter ein flott innsats av Anders & Co. Vegen er opna for personbilar og lette køyretøy.

Traktor og lastebil lyt nok vente til månadskiftet før dei kan køyre over brua.

Jon Finstad

SveinOve - Ingen kommentarar

Navlerusk

01 04 10 11:05Tysdagsturar 2011

Turane startar normalt med frammøte ved Mardal skule kl 18.30. Nokre gongar, og då spesielt på lengre turar, startar vi før og tidspunktet blir skreve inn på heimesida for kvar gong før turdagen.

26.04  Valborgkleiva - Veten

03.05  Hennebygda - Logg -Øvre Åsane

10.05  Holvikfossen - Engeset

17.05  Øyra (med hornmusikk)

24.05  Arnestad - Arnestadfjellet

31.05  Hamneset Eid med guide

07.06  Hennebygda - Henneskaret

14.06  Rongkleiva - Nautskorklumpen

21.06  Nesstøylen - Øykjeheia

28.06  Bolsetnipa (Jølster)

05.07  Trollenyken Eid

12.07  Rongkleiva - Rombergvatnet - Mjellemstøylen

19.07  Traudalsnibba

26.07  Kandal - Blådalen

02.08  Gimmestadkjørrdalen

09.08  Klype - Gjengedal

16.08  Tystadstøylen - Almestøylen

23.08  Høgane - Hjellhola - Kraftstasjonen - Storegjæret

Atle - tre kommentarar

17 03 10 18:03Arrangement 2010

Onsdag 31. mars: Bingo & påskepub

Mandag 3. mai: Dugnad

Mandag 17. mai: Feiring

Onsdag 23. juni: Jonsokfeiring

Søndag 26. september: Krinsbasar

Fredag 22 oktober: Bingo & haustpub

Søndag 14. november: Bygdakveld

Søndag 5. desember : Juleverkstad

Tirs 4. juledag: Fjerdedagsfest

Lørdag 1. nyttårsdag 2010: Jule/nyttårspub 

Søndag 30. januar 2011: Årsmøte

SveinOve - Ingen kommentarar

01 12 08 11:12AKTIVITETSKALENDAR

Ønskjer du å leige skulehuset?
Sjekk først Aktivitetskalendaren for ledige dagar

SveinOve - Ingen kommentarar