27 04 06 15:02Nytt frå krinsstyret
I tillegg til arbeidsliste for vårdugnaden vart det på styremøtet 25.april diskutert litt ang. arrangement:
Familiegrill
På seinsommaren hadde vi tenkt å fyre i gang grillen for heile familien. Det må sjølvsagt henge litt i hop med veiret. Krinstyret tar ansvar for tidspunkt og syter for svele, kaffi, brus, is og grillen. Vi kjem tilbake til dette.
Rune's BuktaDisco
Fredag 2.june er starten på Pinsa. Vi held no på å avklare om Rune og Grannelaget kan spele opp til dans på huset. Vi stiller med bar med tilbehør. Følg med. Ikkje få Katrina til å setje i gang med omsyinga av glitterdressen heilt enno
Medlem
Det vil i løpet av kort tid dukke opp eit skriv ang. medlemskontigent i postkassa til dei innfødde. Ugh! Ugh!
Sende ut medlemskontigenten !!!!
OleBent - Ingen kommentarar
11 04 06 15:59Buktabladet i handelen
Eg går ut frå at dei fleste har fått med seg at Buktabladet er i handelen igjen. Dei fleste heimane i Bukta har fått vitjing av ein eller fleire bladselgjarar. Ikkje alle var heime, men det er ikkje naudsynt å setje seg til å grete over det; det er nemleg råd å få tak i bladet i opptil fleire salsstadar på Sandane. Og det kostar det same der som på huset heime.
Eg vil ikkje nemne noko av stoffet - bortsett frå at der er nokre få kjerringråd frå han Steinar kanskje.??
Atle
Atle - Ingen kommentarar
04 04 06 11:35Ut på tur
Hei! Her er ei lita utfordring til deg: Har du lyst til å sjå anna enn den råsa du trakkar oppatt og oppatt ? Her er nokre forslag til turar du kan hive deg på når du har tid og lyst. Turane vil variere i lengde, og det vil nok variere kor krevjande dei er i forhold til kor bratt det er osb. Alle går i sitt tempo, det er ikkje om å gjere å kome først i mål. Ver med så langt du klarar!! Litt sosialt samver med mat og drikke etter eige val i pausane er vel ikkje å forakte. Husk¨å ta med vatn å drikke,-så unngår du krampe for eksempel. KLE DEG OG SKO DEG!-er den viktigaste bodskapen frå oss. Vi tenkjer oss at turane går uansett veir,-men dette må dei som skal gå turen bestemme sjølve.Vi har fast møteplass på Mardal Skule tysdagane. Kl.18.30 startar vi. Ver OBS på at vi må på bom-veg i mange tilfelle,-så husk litt mynt. Det blir ikkje fast tur-guide. VEL MØTT !
18/4:Fitjevårstøylen. Skogsveien til Veslevatnet( Vassbrekka)-Vårstøylen = LETT TUR
25/4: Eide Natur og Kultursti=LETT TUR
3/5:Kleivedammen-Leirstøylen-Røsskleivvatnet= ENKELTE BRATTE PARTI MED HØGE KLIV/RESTEN LETT
9/5:Gimmestadstøylen. Gamleråsa frå Moane =LETT TUR/LITT BRATT
16/5:Kloppebrua-Jardalen(støylane).Gamleråsa.= LETT TUR
23/5:Tungelia-Langedalsosen=LETT TUR
30/5:Rammestadstøylen= LITT BRATT
6/6:Dimma-Åsebøvatnet-Veten =LETT TUR
13/6:Tystadstøylen-Haugsvarden=FYRSTE DELEN ER BRATT,-RESTEN LETT
20/6:Sandsstøylen-Høgehaugen=FYRST LETT,-SÅ BRATT
27/6:Søreidsstøylen-Vardevatnet=LETT TUR TIL STØYLEN,-BRATT OPP TIL OMBARSKARET,-SLAGT INN TIL VARDEVATNET MEN IKKJE GODT MERKA RÅS
4/7:Traudalssnibba.=BRATT,-MEN IKKJE LANGT.BRUK TID.
11/7:Svartekari=LETT TUR TIL MARDALSSTØYLEN;BRATT TIL VARDANE;_SLAGT TIL SVARTEKARI. LANGT.
18/7:Svinestranda= BRATT/TUNGT,-bli med så langt du greier
25/7Breidalen=GANSKE LETT/SLAGT
1/8:Rausettsøylen=BRATT,-men vi går traktorveien= GREIT Å GÅ
8/8:Jardalsvatnet=LETT Å GÅ,-SVAK STIGNING HEILE VEIEN.
15/8:Søreidsnakkjen-Søreidsstøylen=BRATT OPP PÅ NAKKJEN
,-SLAGT,-OG BRATT NEDATT TIL STØYLEN
22/8:Mardalsstøylen-Holtevatnet=LETT TUR
29/8:Gloppestadstøylen-Austrheimstøylen = LETT TUR
OleBent - Ingen kommentarar
03 04 06 18:18Komitear 2006
Det er sett opp følgjande komitear for desse arrangementa i 2006:
17. mai: Åse Elvebakk (kallar inn), Kristin Finstad, Anne Huus, John Ove Book, Janne Gåsemyr, Jan Fossheim, Peder Sande, Sonja Moen, Ole Andre Elvebakk Heggdal
Bygdakveld: Asgjerd Bergheim (kallar inn ), Eivind Kjørvik, Margit Mardal, Kjellrun Fitje, Elfrid Rauset, Arve Søreide.
Julefest 4. dag: Kaija Moen Kjørvik (kallar inn), Cathrine Mardal, Thor Andre Fjellestad, Bjørg Magni Sande, Nils Ove Roset, Chris Atle Nilsen, Helene Stensaker Book.
Gutane sin kveld: Ole-Bent Søreide (kallar inn) , Jan Erik Roset, Svein Ove Langeteig.
OleBent - Ingen kommentarar