Arkiv

Buktanavlen.no sine arkivsider. Her finn du arkiverte artiklar:
01 nov - 30 nov 2005
01 jan - 31 jan 2006
01 apr - 30 apr 2006
01 jun - 30 jun 2006
01 aug - 31 aug 2006
01 sep - 30 sep 2006

For å kome attende til hovedsida, klikk her

Siste kommentarer

Edny (Tysdagsturen 27.6…): Komande tysdag står den s…
Ivar (Jonsokfeiring i B…): Litt seint ute med kommen…

Kalender

« Februar 2012
S M T O T F L
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29      

Arkiv

Neste arkiv Forrige arkiv

01 nov - 30 nov 2005
01 jan - 31 jan 2006
01 apr - 30 apr 2006
01 jun - 30 jun 2006
01 aug - 31 aug 2006
01 sep - 30 sep 2006

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

26 06 06 22:21Tysdagsturen 27.6.

Eg vil berre minne om tysdagsturen den 27.6. Denne kvelden går turen via Søreidsstøylen til Vardevatnet. Dette er av dei lengre turane på lista, men vi må trene oss opp til Svartekari-turen i midten av juli.

Atle - Berre en kommentar

19 06 06 15:08Jonsokfeiring i Bukta

Fredag er det atter ein gang jonsok, og det er einsbetytande med feiring på skulen. Det vert tradisjonell feiring i regi av 4H, og stikkord for kvelden er:

* Kiosk med ymse freistingar
* Natursti
* Masse bål

Det vert åpen PUB etter at bålbrenninga er ferdig (dette er ikkje i regi av 4H)!
Ta med tennveske og fyrstikker!

SveinOve - Berre en kommentar

08 06 06 09:13Konsert med Gloppen Janitsjar i Bukta

Gloppen Janitsjar held grendakonsert på pavaljongen på Campingen. Torsdag 08.06.06 kl 20.00. Vi byr på lett sommarsleg musikk, for å få folk i sommarstemning!

Helsing

Anne-Britt

OleBent - Ingen kommentarar

07 06 06 15:33

Bukta Turlag.

Dei 8 fyrste turane i denne sesongen er no tilbakelagde. Sist i mai var vi 15 til Ravnestadstøylen, og fyrste tysdagen i juni var vi 16 som gjekk frå Dimma og inn til Vetestova. Vi har vore svært så heldige med veret til no, det har vore fine temperaturar å gå i sjølv om det har vore litt kaldt å setje seg ned. Dette lærer vi av og tek med klebyte og ekstrakle etter behov.

Som de skjønar har turane vore svært vellykka til no, noko som også nokre tidlegare publiserte bileter har vist. Det er likevel plass til endå fleire, og tysdag den 13.6 er det planlagt ein tur frå Tystadstøylen til Haugsvarden. Den er lagt opp slik at vi ikkje skal trakke i ræsene som andre har hevda eigedomsrett til så vi ser fram til ein fin tur då også.

Atle - Ingen kommentarar

Navlerusk