Arkiv

Buktanavlen.no sine arkivsider. Her finn du arkiverte artiklar:
01 nov - 30 nov 2005
01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 feb - 28 feb 2008
01 mar - 31 mar 2008
01 mai - 31 mai 2008

For å kome attende til hovedsida, klikk her

Siste kommentarer

Jon.Finstad (PLAKETTFEST FOR O…): Veldig triveleg plakettfe…
ågåtebakkja… (TYSDAGSTURANE 200…): Lurer berre på om det er …
Liv (TYSDAGSTURANE 200…): Takk til dei som har send…
edny (Dugnadshelg på st…): Hei Atle! ekje dar nåkre …
liv søreide klepa… (Velkomne til): Kjekt med pubsamling igje…
SveinOve (Hugs Årsmøtet på …): Den nye styret har enda i…
kaija (Hugs Årsmøtet på …): eg er ikkje så god med da…
edny (Litt om seinhaust…): Var det ikkje slik at FØR…
edny (Bygdakveld på sku…): Kjekt at det skjer noko p…
edny (Bilete frå tysdag…): De måha Svein Ove unnskyl…

Kalender

« September 2010
S M T O T F L
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    

Arkiv

Neste arkiv

01 nov - 30 nov 2005
01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 feb - 28 feb 2008
01 mar - 31 mar 2008
01 mai - 31 mai 2008

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

29 05 08 22:38Tysdagsturen 27.05. til Kåls- og Dalestøylen.

Vi var ein god gjeng som møttest på skulen. Edny plukka opp 2 stk på vegen og på Dale stod Kari og Asbjørn og venta på oss. Dermed vart vi 13 som tok skogsvegen oppover - i bil. Fyrste del av gåturen gjekk vi ein bratt grusveg. Der ville iallefall ikkje Aase ha køyrt traktor. Kari P gjekk føre som kartlesar og Asbjørn bak for å sjå til at alle kom med. På Øvresetstøylen førre tysdag var det motsett. Vi kom opp til nokre fine hytter som vi fann ut var ein drabantstad til Kålstøylen. Breimspresten med følgje dukka også opp etterkvart, - vi køyrde forbi dei lenger nede. Ein skulle kanskje tru at slike ikkje har bruk for kart, men han hadde med seg eit som var ei leiesnor for oss vidare. Har du kontroll, ropa Asbjørn. Jaaa svarte Kari. Dermed kunne turen gå vidare utover til Dalestøylen. Vi hadde også god hjelp av dei merka punkta som ein eller fleire breimningar hadde sytt for - når vi berre fann dei. Etter ein rast på Dalestøylen var Hunskårstøylen vårt neste mål, men elva var for stor at vi måtte snu. Etter litt leiting fann vi råsa ned att. Vel nede på Dale hadde vi ein bil ståande slik at sjåførane kunne bli køyrde til der bilane var parkert. Veret var forresten flott denne kvelden - nesten som vanleg.

Kari S I

Atle - Ingen kommentarar

26 05 08 14:39Tysdagstur 27. mai

Hunskår, Dale og Kålsstøylane står på turprogrammet denne tysdagen. Dette er ukjent lende for dei fleste så her får vi bruke teft for å finne vegen. På kartet er det teikna inn ei stipla linje frå Hunskår til støylen. Tanken er å gå vidare utover lia og over elva til Dalsestøylen. Vi veit ikkje om der er gåandes. Alternativet er å parkere på Dale (krysset) og gå litt mot Hunskår før støylsråsa går til Dalestøylen. Frå Dalestøylen er det ei ny stipla linje ut til Kålsstøylen så der har det gått folk før. Eg håpar turdeltakarane finn den rette vegen å gå.

Atle - Ingen kommentarar

21 05 08 07:54Mannjen og Kjerringa ligg ikkje i lag

 i alle fall ikkje på den delen av Utvikfjellet vi vitja tysdag. I dagsrevytid var vi 18 stk som tok vegen oppover lia frå Kari og Asbjørn sitt hus eit stykke ovanfor Øvresetsvingen. Det gjekk rimeleg bratt og vått oppover til vi kom til Mannjen. Eg fekk høyre at det både var namnet på ein stein - og på ein stad like ved der ei jarnstong sto opp frå berget. Eg går for begge. No hadde vi nesten høgda og tok utover mot Øvresetstøylen (720 moh). Derfrå kunne vi sett, om ikkje skodda hadde vore der, fleire støylar utover, - dei ligg rimeleg tett. Dette er faktisk fyrste turen i år at veret har vore tungt, vi fekk oppleve både regn og omtrent haglebyger før vi kom opp der. Vi gjekk vidare opp på vegen og følgde den til Fløtrastøylen og Holestøylen. Då gjekk vi altså forbi Kjerringa, og Kari kunne fortelje historia om korleis steinen fekk namnet. Dei som gjekk lenger framme fekk kanskje ikkje med seg historia, men slik er det - ein kan ikkje få med seg alt. Det var opptil fleire som var rongsnudde i retninga sjølv om Asbjørn peika og forklarte kor sola gjekk opp og ned. Vi var likevel fleire som meinte at utover er utover sjølv om det viste seg å vere bortover. På Holestøylen hadde vi ein lengre rast i hytta til A/K eller kanskje vi heller skal seie Kjell med familie sidan den følgjer med garden. Og ute var det fint innever denne stunda. Det letta og vi måtte vidare. Edny ville gje Asbjørn "Råsfinnar" G- i rolla si umiddelbart etter, men karakteren betra seg etter kvart som vi nærma oss Breimslia. Det ligg mange millionar investert både i infrastruktur og i hyttebygningar, og nokre av dei såg faktisk ut som hytter også. Vel nede ved bilane var klokka blitt halv elleve, og vi køyrde like strukturert ned att som opp.

Neste tur blir til Hunskår - Dale - og Kålsstøylen.

Atle - Ingen kommentarar

19 05 08 13:22Gode klær

og gode sko er ein føresetnad når vi tysdag legg ut på tur til Øvresetstøylen og Holestøylen (ca 720moh). Det blir oppoverbakkegåing i kupert terreng opp til fyrste støylen, og vi kan kanskje måtte stige litt i snø på flatene mellom støylane. Ned att tek vi turen gjennom Breimslia hyttefelt slik at kvar og ein kan få sjå kva det er mogeleg å bruke pengar på i Gloppen. Vi startar ved Mardal Skule kl 18.30 og køyrer i så få bilar vi kan til Kari og Asbjørn sin residens eit lite stykke ovanfor Øvresetsvingen (ca 400moh).

Atle - Ingen kommentarar

16 05 08 08:48Hesteskokasting m.m.

I aktivitetskalendaren er det lagt opp til hesteskokasting den 25. mai. Dette arrangementet blir utsett til søndag 15. juni. Nærmare info følgjer!

Tilbygget har no fått eit strøk måling og glaskarmane er blitt skrapa og fått grunning. Det gjenstår såleis strøk nr. 2 på veggen + å få måla rundt glasa. Nokon som har lyst å vere med på ei lita økt ein ettermiddag når det er blitt tørt i veiret igjen?

JanErik - Ingen kommentarar

13 05 08 22:07Vi var 15 stykker

som gjekk opp Kringlebakkane, Fossebrekka, Brunehaugen, forbi Gamlestøylen til Rausetane (der dei hadde høylade før), kom opp på Meisegadden og gjekk deretter inn mot Sandsstøylen og vidare til Russehola. Imponerande hugs vil kanskje nokon tenkje, men den skuldast at eg tok ein telefon til Margret etter turen for å oppdatere meg med penn i hand. Det er kjekta å ha med lokale kjentfolk, takk for turen Margret. Ho hadde vore oppover søndagen før og vi fekk gå på ei nykosta støylsrås. Ho set standarden høgt før vi no flyttar oss til Breim. Det er lett å skjøne at det ligg mykje arbeid i å leite fram at alle dei steinane vi sette foten på, og også å halde dei reine for lauv og anna humus så dei ikkje gror att med det fyrste. Terrenget rundt Russehola er vilt og gløvrete, og annleis enn det eg hadde sett føre meg. Og det er ei spesiell krigshistorie som knyter seg til desse fjellsprekkene som eg ikkje skal tore meg inn på her.

Vel tilbake ved vegskiljet tok vi ein kort stikktur inn på støylen, og fekk ein kikk inn i selet til Margret og Jon. Det er ein flat støyl med ei stor støylskvie. Buktara (inkl to Breimningar) er vande med å ha utsikt frå støylen, og den er mangelfull der ute. Dette skuldast i hovudsak terrenget, men det gjer det ikkje betre at granskogen veks seg stor utanfor støylskvia og tek litt av den utsikten dei faktisk kunne hatt. Om nokre år er også Breidalen usynleg frå deler av støylen om trea får vekse vidare. Det får vere neste felles prosjekt for alle som soknar til støylen?

Neste tysdag tek vi opp att den utsette turen frå Kari og Asbjørn sitt hus til Øvresetstøylen og Holestøylen. Følg med på navlen så skal vi prøve å oppdatere litt før vi går.

Atle - Ingen kommentarar

11 05 08 12:56Tysdagsturen 13.05

Mange har sikkert vore der før, men ikkje alle veit eg. Margret Sande (Hans-Margret) vil guide oss opp gjennom støylsråsa til Sandsstøylen, og til Russehola. Vel møtt i fineveret.

Atle - Ingen kommentarar

06 05 08 21:45Ikkje ein dag utan

nestenulykke på tysdagsturane? Rett nok var det vel ikkje alle som merka noko denne gongen heller, og vi heldt det heilt internt. Difor nemner vi ikkje meir om det, - det er sikkert nok til å pirre nyfikna til fleire.

Vi var elleve stykker som gjekk frå Osen og inn på Arnestadstøylen, og der hadde vi vår andre rast. Den fyrste var inne med nausta. Ikkje fordi vi var slitne då, men skulle vi få med oss litt sol måtte vi ta det der. For nokon var dette fyrste gongen her inne, og vi var ikkje før sessa rundt steinbordet før Astrid orda fram om at vi kanskje kunne gå over Ytre Skaret og ned att til Veslevatnet og skulen. Astrid har kommentert i ettertid at dette vart sagt allereie nede ved skulen før turstart, men det verkar litt meir spontant om vi seier at ho kom på det der oppe, så vi let det stå. Det er eigentleg mot alle turreglar, - å ikkje seie ifrå kor vi går før vi kjem heim. Men dei som gjekk tilbake same veg vi kom visste sjølvsagt kor vi var, og heldigvis var dei mange nok køyrande slik at vi fekk alle bilane ned att. Og dei som les i boka på Ytre Skaret kan lese kor vi hadde tenkt oss vi sju som vart innskrivne i manntalet. Vi vart fortalt at dette var ei mykje lesa bok og at innhaldet stundom kom til bygds før personane som hadde skrive seg inn. Det var litt vått og myrlent på nokre stadar, så det var fullt mogeleg å bli våt på beina, men vi slapp heldigvis å gå i snø, og det var ikkje sekkemyr vi måtte over. Veret var rett og slett flott for tur i kveld, og det har det faktisk vore alle kveldane hittil. Og det er plass til endå fleire. Sjekk turlista til høgre på navlen. Oppstart kl halv sju ved skulen dersom ikkje anna blir kunngjort.

Atle - Ingen kommentarar

Navlerusk