Arkiv

Buktanavlen.no sine arkivsider. Her finn du arkiverte artiklar:
01 nov - 30 nov 2005
01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 feb - 28 feb 2008
01 mar - 31 mar 2008
01 jul - 31 jul 2008

For å kome attende til hovedsida, klikk her

Siste kommentarer

Edny (Vi var få): Dei 4 eldste og sprekaste…
Jon.Finstad (PLAKETTFEST FOR O…): Veldig triveleg plakettfe…
ågåtebakkja… (TYSDAGSTURANE 200…): Lurer berre på om det er …
Liv (TYSDAGSTURANE 200…): Takk til dei som har send…
edny (Dugnadshelg på st…): Hei Atle! ekje dar nåkre …
liv søreide klepa… (Velkomne til): Kjekt med pubsamling igje…
SveinOve (Hugs Årsmøtet på …): Den nye styret har enda i…
kaija (Hugs Årsmøtet på …): eg er ikkje så god med da…
edny (Litt om seinhaust…): Var det ikkje slik at FØR…
edny (Bygdakveld på sku…): Kjekt at det skjer noko p…

Kalender

« September 2010
S M T O T F L
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    

Arkiv

Neste arkiv

01 nov - 30 nov 2005
01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 feb - 28 feb 2008
01 mar - 31 mar 2008
01 jul - 31 jul 2008

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

30 06 08 09:06Tystdagsturen 01.07

går til Blånibba. Startpunktet blir rett innanfor bommen på vegen som går inn mot Eidsstøylen. Der går råsa oppover, rundt Hesten, og så vidare mot Nibba, er vi blitt fortalt. Som de alle skjønar er også dette er eit område i Gloppen der dei som har gått der har unngått køen av buktarar. Det er ikkje til å unngå at det er motbakkar på vegen; turen startar på ca 550 og går opp til 1.069 moh.

Atle - Ingen kommentarar

24 06 08 22:144 utbrytarar

gjekk til Søreidestøylen, mens dei 4 sprekaste gjekk lang tur i dag.Vi hadde forskjellige grunnar til å feige ut og ta lettaste alternativ (nest etter sofaen),-men DET er ikkje poenget. Vi fekk sjå at siste røret er lagt ned og at området ved parkeringsplassen har byrja å ta sin endelege form. Ved inntaket er der rett og slett idyllisk! Om eit par år vil det bli ei perle! Alleride i kveld såg dammen innbydande ut til eit bad,-og elva er murt opp,slik at den rislar fint nedover steinane.Til dåkke som har nåke med di: Dette er pent! 

Helsing Edny

Edny - Ingen kommentarar

22:11Kjempetur

Det er sjeldan eg brukar så sterke ord, men turen til Tistamskaret vart rett og slett flott for oss fire som gjekk i dag. Kanskje nokon var redde for ustadigt ver eller vått terreng? Eg veit ikkje, men til det er å seie at vi gjekk i sol heile tida, og det er eit lett terreng å gå i, mykje lettare enn eg hadde sett føre meg på førehand. Det hadde vore lageleg også for dei som brukar høgrefoten mest når dei går, dei skal visst finnast.

Vi brukte ein time frå Kvilestøylen og opp til Varden ved Skardsvatnet. For ukjente kan vi seie at det ligg nord for Snøfjellet og sør for Dunheia, i traseen for Rypeskarsrennet. Der oppe var det rett idyllisk. Det ligg sju små og litt større vatn, og fisken vaka i det største kunne vi sjå. Vi hadde litt nordatrekk på vegen opp, men der oppe vart det heilt stilt. Etter ei kaffipause med fortæring av provianten gjekk vi ned att same vegen som vi kom, og var nede ved bilen att i ti-tida.  Til dei som måtte lure; vi har fallet til gode til ein annan tur.

Atle - Ingen kommentarar

11:58Hestskokasting - kvar søndag!

Det meldast om stor interesse for å ha hesteskokasting kvar søndags kveld no i sommarhalvåret. Det vert såleis - med Jan Fossheim i spissen - lagt til rette for treningar søndagar frå kl. 19.00 på skuleplassen. Spre det glade bodskap!

JanErik - Ingen kommentarar

09:00Tistamskaret

Det ser ut til at vi får vergudane med oss slik at vi kan gå dagens tysdagstur etter oppsett plan. Vi køyrer så langt vi kan i retning Kvilestøylen. Der tek vi oppover gjennom støylen og vidare austover/oppover. Kvilestøylen ligg på vel 550 moh, og Skardvatnet opp i skaret ligg på 822 moh. Vi har kjentmannen vår i Amerika for tida og eg veit ikkje om nokon av oss har vore nett der før. Etter kartet å døme er det litt myr og elvar/grøver i området, så eg kan ikkje anna enn å råde til godt fottøy som høver til det. Det er også greitt å kunne ha kle som kan stå mot nordatrekkjen.

Atle - Ingen kommentarar

18 06 08 14:51Jonsokfeiring

Bukta 4H inviterar tradisjonen tru til Jonsokfering komande måndag. Samling på skuleplassen (eller inne om veiret skulle slå seg vrangt) frå kl. 18.00. Det blir kiosk med sal av rømegraut m.m.  Ut på kvelden blir det felles tog ned til bålet i fjæra med brudepar.  Det ryktast om at brudeparet i år får hesteskyss..

Velkomne!

JanErik - Ingen kommentarar

17 06 08 21:56Enkelte ting

skal seiast ein til ein, andre ting i fellesskap. Dette tek vi i fellesskap:  Kvar tur skal ha si eiga side i notatblokka som ligg ved skulen. Vi "unge" kom der i halv sju tida og såg at dei som var reiste før oss berre hadde fortsett vidare på sida frå førre tur. Det må ikkje skje igjen. No er det sagt, og som vanleg gjer det godt å lette seg.

Elles vart vi 13 stk til saman som tok turen til Arnestadnakkjen. Vi køyrde til parkeringsplassen og gjekk opp mot Ytre Skaret. Råsa er rimeleg god å finne det meste av vegen. Ingrid tykte det var kjekt å sjå att kjent terreng..???  Ho vart rett og slett sikker etter kvart som vi nærma oss toppen. Vi må her ta med at det er nok eit par år sidan førre gong, så det er ikkje heilt enkelt å vere skråsikker tidleg på turen. Ho la vekt på at ho er innflyttar til Bukta. Vel oppe rakk vi å sjå den største båten som har gått inn fjorden før det gråna til og vi fekk ei regnbyge på oss som vette skikkeleg. Difor sit eg med kaffikoppen no i staden for i høgda. Dei eldste rakk å kvile seg ei stund, men det var faktisk verken sitjandes eller ståandes så vi rakk så vidt å byte før vi starta returen. Elvebakkebikkja hadde prøvt å halde følgje med eigaren i bukkemarkja rett opp frå Veslevatnet, og var totalt utsliten. Eigaren sjølv rapporterte om stigande form. Eg såg eitt fall på vegen ned att, og etter det kunne alle gå meir avslappa sidan vi hadde brukt opp kvota. Og vel komen heim ser eg at det tjukna til opp i dalen igjen, så vi var vel heldige med det veret vi hadde trass alt.

Atle - Ingen kommentarar

11 06 08 12:45Hesteskokasting

Søndag 15. juni kl 19.00 vert det buktameisterksap i hesteskokasting.

Ta med det du finn av gamle hestesko og still på.

Det vert servering av kaffi og litt og bite i.

Spre det glade budskap!!

SveinOve - Ingen kommentarar

10 06 08 22:16Edny ringde på dagtid

Det regna godt då og ho foreslo at vi kunne no gå på Søreidsstøylen som eit alternativ. Blir det tur? :   Jaaa.    Til Seimsstøylen? :   Sjeeeptisk. Men veret slo om timen før halv sju, så det vart den oppsette turen frå Årdalsstøylen til Seimsstøylen på oss 8 som gjekk. Og vi hadde i grunnen alt slags ver: sol, trekk, grått, litt regn og yrlite hagl. Vi skjønar godt dei sauene som kraup ihop ved inngangsdøra til eitt av sela, for det var ein kald nordatrekk og støylen ligg open til. Sjølv kraup vi i hop bak steinhytta til Kjell Råd, - ein av fleire særmerka steinbygningar som er verdt ein kikk. Vi vil elles utfordre halve Breimsbygda til å ta ein dugnad på råsa. Det skal mange til for å veite unda alt vatnet i myrane innover. Det er ein open og idyllisk trase ved begge vatna innover, så vi vil absolutt råde andre til å ta turen. Den er rimeleg lettgått, men som sagt er der vått i terrenget.

Atle - Ingen kommentarar

09 06 08 08:28Tysdagsturen 10. juni

Vi køyrer opp til Årdalsstøylen og går framover dalføret til Seimstøylen/Rådastøylen. Vi startar på ca 650moh slik at det er litt stigning opp til Nigardsvatnet (726) og seinare Rådavatnet (769). Då har vi nått høgda sidan støylane ligg på nordsida av vatnet. Same veg tilbake. Etter kartet å døme er det litt myrete nordover, og vermeldinga er heller ikkje den beste, så det kan vere lurt å ha kle og sko/støvlar som høver til det.

Atle - Ingen kommentarar

03 06 08 21:51Småtiksene

ville gjerne bli nemnde etter dagens tur. Dei sat ved hytteveggen til Ole Johannes inne på Fitjestøylen då vi kom inn. Som vi skjønar sat dei ikkje i solveggen, ein kveldstur inst i Langedalen betyr at sola har gått bak fjella for lenge sidan. Dei hadde rodd inn vatnet frå Båtstøa. Dei eldre som starta fyrst hadde også gått over Ytre Skaret og ned i støa, men vegen langs stranda var ikkje betre enn at dei valde å gå Indre Skaret tilbake. Vi var 11 stykker denne fine sommarkvelden, og då utan å rekne med dei tre småtiksene. Dei vart heller ikkje innskrivne i manntalet. Fløgene var kåte, dei ventar på krøtera og trente seg på oss så lenge. Inne på støylen fekk dei god hjelp av knotten. Den var meir som lærling å rekne, men visste å bite frå seg. Saueleitarane kan bjønde å glede seg for vi såg nokre ulldottar utriveleg høgt oppe i fjellsida allereie. Bortsett frå innsekta var det ein fin tur og vi var einige at det hadde vore ein fin måte å slå ihjel ein tysdagskveld på. Og vi klarte oss med kun eitt fall denne gongen også, - det er vel kvota vår det.

Atle - Ingen kommentarar

Navlerusk