Arkiv

Buktanavlen.no sine arkivsider. Her finn du arkiverte artiklar:
01 nov - 30 nov 2005
01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 feb - 28 feb 2008
01 mar - 31 mar 2008
01 aug - 31 aug 2008

For å kome attende til hovedsida, klikk her

Siste kommentarer

Liv (Tysdagstur 12. au…): Reedstøylen 12.08.08 Vi v…
edny (Svarthammaren): Styggeveiret skremde viss…
Edny (Vi var få): Dei 4 eldste og sprekaste…
Jon.Finstad (PLAKETTFEST FOR O…): Veldig triveleg plakettfe…
ågåtebakkja… (TYSDAGSTURANE 200…): Lurer berre på om det er …
Liv (TYSDAGSTURANE 200…): Takk til dei som har send…
edny (Dugnadshelg på st…): Hei Atle! ekje dar nåkre …
liv søreide klepa… (Velkomne til): Kjekt med pubsamling igje…
SveinOve (Hugs Årsmøtet på …): Den nye styret har enda i…
kaija (Hugs Årsmøtet på …): eg er ikkje så god med da…

Kalender

« September 2010
S M T O T F L
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    

Arkiv

Neste arkiv

01 nov - 30 nov 2005
01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 feb - 28 feb 2008
01 mar - 31 mar 2008
01 aug - 31 aug 2008

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

30 07 08 10:49HOLMESTØYLEN

ligg på vel 600m.o.h. Etter ein lang dag i sola med  +30 g r C, var vi litt spente på korleis kroppen takla stigninga. Vi la opp til eit bedageleg tempo.Heldigvis. Ingeborg var i feriemodus, men ville ikkje sleppe oss oppigjønå råsa uten guiding. Bratt og litt vått her og der,slik at vi glei litt,men det fekk oss til å skjerpe konsentrasjonen. Vi kom raskt inn i bjørkeskogen og hadde stor hjelp av skuggen den gav.Vi hadde ofte drikkepausar.Blandt anna på "Synnjevestøylen",- ei fine flate med utsikt ned i Hyen og søte blåbær å læske seg på.Her kom det opp ei rås frå båtbyggjeriet,-Den skal visst vere BRATT,-men hjortejegerane skyr ingenting og går dar jamt.På vegen oppover fann vi månge fine utkikksplassar,der det var fint å ta billede og den obligatoriske vass-slurken.Det var godt både for hjerte og lunger å kvile ofte. Eg hadde gått der før,men hadde heldigvis fortrengt kor travelt det kunne vere. I siste bakken før vi såg støylshusa,gjekk det veldig smått,for min del.Varmen slo i mot då vi kom oppom skogen,-så det var berre på høgg og belegg at eg sleit meg opp siste meterane.Jon var gentleman og heldt følgje til siste steg,-Ei stund lurte eg på om det var eg eller han,som hadde astma..Men vi greidde det og blei belønna i rikt monn.Ola hadde teke seg tid til å gå i førevegen,-og møtte oss med varm fruktsupa og skikkeleg kokekaffi! Fantastisk! Det var akkurat det kroppen ville ha!Ingeborg og Ola fortalde om støylen si utvikling, om støylsdrifta og korleis dei sleit fram ved frå lia langt nede osv.Før 1900 låg støylen endå lenger oppe og inn på fjellet.Oppe på kanten ovanfor hytta har dei eit fabelaktig utsyn over Hyen og fjorden. Frå selet ser eit rett bort til Hope. Innjaføre selet ligg ein stor stein fram på kanten,og er ein naturleg og nukso luftige utkikkspost!Det kjennest ut so ein står i lause lukta! Her ser ein husa nede på Holme. Sola glada ca halv ti,og då drygde vi ikkje lenge med å pakke ihop. Ola var "lagførar" nedatt. Vi hadde stavar med oss  og brukte dei flittigt .Trur at kun innfødde "fjellgeiter" kan gå uten.Ein særs vakker tur!-så høgt og luftiggt at vi såg ned på eit sjøfly,som krusa att og fram i Hyefjorden. Det høyrer med at einkvan rullja på desse turane.Så og denne gongen.Det gjekk godt.Ola gekk bak og plukka oppatte.Vi registrerte ein våte buksebak. Vi vil gjerne få takke vertsfolket for denne fantastiske turen!-og for at dei ville bruke so månge timar på en fløkke med Buktara!!Vi starta,som vanleg kl 18.30 frå skulehuset,og var tilbake på same plass kl 23.30.

Neste gong er det forslag om å gå på Støyvastøylen istadenfor oppsett program.Innvendingar?

Eg har fått beskjed om at eg ikkje kan telje,-sist var vi also 4+ 5 og ikkje 4+4,slik eg påstod.Denne gongen talde vi 10 personar oppe på støylen.7 Buktara og 3 innfødde.

Edny - Ingen kommentarar

28 07 08 11:21HOLMESTØYLEN

Tysdagsturen  29/7. går til Holmestøylen,som ligg høgt og fritt over Hyefjorden.Vi har med lokalkjend guide i dag; Ingeborg Sande.Ho har ferie,men vil gjerne vere med å vise oss råsa og støylen.Trur det kan vere lurt med vandrestavar til nedatteturen.Det er varme dagar no, men vi trur det blir ein flott kveldstur!-husk drikke!!Turen startar til vanleg tid med oppmøte kl 18.30  på Mardal Skule.Vi går sakte og tar drikkepausar slik at turen blir ei god oppleving. Vel møtt!

Edny - Ingen kommentarar

22 07 08 22:20GIMMESTADSTØYLEN-RYGGJASTØYLEN

Dei 4 faste seniorane la att ei kryptisk melding om korhen vi kunne finnje dei atte. 4,litt yngre,kom snåvande atti og var redde for atte regnet skulle nå dei,so dei ville køyre bil heilt opponde støylen.Her såg vi atte veien gjekk lenger utover i terrenget,-og gakje høss før vi var komne på veienden.Vi labba oss over "sauebruna" og følgde merka løype,som avtalt.Det tok ikkje lang tid før vi såg Ryggjastøylen,-men so svinga råsa ondabakka.Vi fann mykje blåbær å læske oss med,-og jammen fann vi ei og annja molte og.Regnet heldt seg vekke , mens skodda svevde høgt oppe ved Nibba. Endeleg kunne vi vandre over ei bru, slik at vi kom oss over elva."Vintravadet" kalla dei plassen.Snart kom vi bort i bilveien,som går opp til Ryggjastøylen.Vi ville no prøve å finnje hine,som sa dei ville gå "Geitebruna".Vi fann dei inne ved dei gamle nausta,-og sjølvsagt brukte vi kviletida til å prøve å rekonsrtuere turen,-og korhen vi hadde gått "feil". For å finne ut av det,tok vi følgje tilbake over Geitebruna,-og innover lia til den myra der resene skildest.Mykje blei oppklart og no kan vi fleire veier til "Rom".Dei 4 eldste ville gå "Tungelia" og "Blodhellja" nedatt til Mo-fjøsane. Dei ekje redde for å slite seg ut! -Dei gjekk nemleg frå Moane og opp gamleråsa ,-Also dubbelt so långt og bratt so vi hine!! Sjåføren måtte pent ta med seg bilen nedatte,-mens hine 3 gjekk gamleråsa ned til gardfjøsane.Der nede blei dei plukka opp av ein ,ikkje altfor utsleten sjåfør. Alle var samde om at det hadde vore ein gild tur!

Edny - Ingen kommentarar

13:34Tysdagstur 22. juli

Turen er tenkt å starte i Moane. Gå støylsråsa til Gimmestadstøylen, deretter ut lia til Ryggjastøylen og støylsråsa ned att til Grov, og så inn att tilbake til Moane.

Atle - Ingen kommentarar

14 07 08 11:30Svarthammaren

er turforslaget frå nemnda for den 15.07, og den når vi ved å køyre til Gimmestadstøylen, gå opp i Breidalen og ta til høgre når vi kjem opp eit stykke. Det er bratte parti på vegen, og det kan bli vått dersom vermeldingane sler til.

Vi må også vere budde på at det ikkje blir tur i det heile til Svarthammaren i dag. Det er dårleg turver, men enno viktigare er det at det kan vere skodde i fjellet.

Atle - Berre en kommentar

08 07 08 23:08Vi var få

- men vi tilhøyrer eliten alle trur eg. 4 i seniorklubben hadde notert seg inn i boka og skreiv at dei gjekk i Traudalen. Vi to andre skreiv Botnen, men vel ute i Grov vart vi overtalte av ei kjentkvinne frå Sørstranda at vi skulle gå på Nibba. Ho lurte sjølv på kvar Botnen var, så lite brukt er det namnet. Og eg hugsar sjølvsagt ikkje det lokale namnet sjølv om dei også har eit slikt eit på Gimmestad også. Så vart det NIbba då på oss tre, men det betyr at vi var nær fremste Botnevatnet, så vi kan vel seie at vi gjekk der også. Det var ein fin temperatur å gå i - 20 grader og overskya her nede, litt kjølegare i høgda, og sol og blå himmel då vi kom opp. Og tenkt, ikkje ein knott eller ei fløge. Eg må også vedgå at eg var ein tur nedpå på veg ned att. Vi hadde ikkje snakka om det på førekant, og det var vel difor det hendte.?

Atle - Berre en kommentar

10:44Tysdagsturen 08.07.

går til Botnen. Dette er det dalføret som ligg høgt oppe i fjellet mellom Breidalen og Traudalen. Råsa går opp mot Nibba, men i staden for å ta siste høgdemeterane er vatna i dalbotnet målet for turen. Start på ca 300 moh og største vatnet ligg på 842 moh. Det er rimeleg bratt eit stykke, men det går litt lettare når vi kjem ut av skogen.

Atle - Ingen kommentarar

01 07 08 23:16TUR TIL BLÅNIBBA

I kveld var det 4 seniorar og 3 ungdommelege til sinns,somtok turen til nordstrandsfjella. Vi betalte oss igjennom bommen på Engeset,og køyrde forbi Austrheimsstøylen.Vi gjekk gjennom hyttefeltet i Bjønndalen og følgde råsa eit lite stykke, før vi skar ut og rett opp på kanten innanfor Svinestranda.Så følgde vi kanten innover til vi nådde foten av nibba.Der steig det bra rett opp, men det var ikkje så lenge det stod på, før vi var på toppen.Fantastisk utsikt!!-både mot Breim og Sandane.Vi såg like til "Førs".Vi skeiv oss sjølsagt inn i bokja,-og gleden var stor,då Aase kunne melde:YES!-vi e på rett plass!! "Byte-om-sekvensen" var ikkje like seg i dag,men ikkje mindre spennande fordet. Vi starta å gå kl 19 ,og var heime litt over 23,-so de måkje tru at det var nåken pingletur! Vi hadde sett oss ut ei kortare rås nedatt,men råsa vart plutseleg vekk,-so då var det berre å slå på den innebygde GPSen(egentleg heilt dødfødt) og so tok vi ut ein kurs vi tykte måtte bli bra.Vi var enige om at HER HAR DET IKKJE GÅTT KVITE FOLK FØR! Du snakka om bukkemark...Men Navigeringja vår slo til for fullt,og like plutseleg var vi tilbake i Bjønndalen Hyttefelt.JIPPI! Der møtte vi et par karar,som lurte på om vi dreiv med natt-orientering. Vi var so lukkelege for å ha funne tilbake,at vi let oss ikkje fornærme,-men smilte det penaste vi kunne,og la i veg heimatt. Seniorane såg vi aldri,men bilen var vekk,so vi andøgd`ikkje. ALTFOR FINE TUR TIL SO FÅ !!

Edny - Ingen kommentarar

Navlerusk