29 08 08 17:52
JARDALSVEGEN
Endeleg kan vi melde om at anleggs-arbeidet til Jardøla Kraft som berører vegen no på det næraste er sluttført.
Det gjenstår å gruse opp igjen heile vegen, dette vert gjort innan rimeleg tid.
Styret i Jardalsvegen har gjeninnført bompengar på kr. 30.
Vi takkar for tolmodet brukarane av vegen har utvist i anleggs-perioden. Det tok lengre tid enn vi hadde forutsett men vi håpar resultatet til slutt kjem alle tilgode.
Styret i Jardøla Kraft AS
SynnoveS - Ingen kommentarar
27 08 08 08:21Tysdagsturane 2008 er no ein del av historien
Tenk så fort gjekk det. I går var det sesongavslutning på Bukta Turlag sine turar for i år. Frå midten av april har vi meir eller mindre gått dei turane vi planla for sesongen, og også med varierande tal deltakarar. Frå to på det minste til 19 på det meste kan vi lese av turboka som no er henta inn. Regn og snø har ført til litt, men heldigvis få endringar, og i går gjekk vi Bukta rundt før vi hamna på "Stabre". Bukta rundt er vel av dei lettaste turane vi har gått i år, reint fysisk, men vi skal ikkje gløyme motbakkane opp forbi Rass. Dessutan såg vi at plomene er komne långt i Kristen, og det berika denne kveldsturen. Dei eldste og dei yngre skilte lag ut på Fitjeflatene, eg veit ikkje om det var benkjen hans Steinar som lokka dei. Eg trur den vart sett opp for trøytte syklistar, utan at eg kjenner til om dei nokon gong har sete på na. Deretter gjekk vi på kjende buktavegar ned Sjøkringla og inn forbi Plassen. Dei fleste valde då å hente køyretøy ved skulen og ta dei med innover, men nokre brukte beina heile vegen.
På Stabre hadde Edny mf. diska opp med kveldsmat, konkurranse / gåter, og seinare kaker og kaffi, og det var også høve til å sjå på bilete frå turar gjennom sesongen. Litt av eit opplegg med andre ord, og vi var ca 12 - 13 stk som benka oss rundt langbordet med smått og stort. Dei eldste fekk utlevert ein liten overraskingspresang, og det var god stemning og sømeleg søje rundt bordet.
Stemninga var faktisk så god at det kom inn ynskje om framhald neste år, og vi fekk faktisk inn turforslag. Hugs berre på at kvar tur skal ha si side, alt anna blir so mølegt, - det kan vi nok ikkje seie for månge gonga.
Atle - Ingen kommentarar
26 08 08 08:09SESONGAVSLUTNING
Endeleg lukkast det å kome inn på "navlen" igjen.Når ein er teknisk analfabet,er det månge prøvelsar ein skal igjennom.MEN no er det siste turen på programmet.Då vi sette opp turane i vinter,hadde vi ikkje rekna med slikt fineveir! Vi tenkjer oss at vi går ei runde om Mardal,Samestad,Gunnja,Knute,Steffabakkjen,Sællund,Huusa-lada,Løkabruna, opp långst med Fitje-elva,over nye Larsbruna,Sjøkringla,Plassa-lada,Smøgabruna,Ågåtebakkjen med eit lite "kveldssete" på stabre.De behøve ikkje niste,-De ska få servering.Då håpar vi at vi får nok ein kjekke kveld i lag! VEL MØTT!Edny - Ingen kommentarar
20 08 08 13:21Overraskingane sto i kø
på tysdagsturen den 19. Vi sa Føleidestøylen til turleiar Maria ((Føleide) Lundestad), men vart kjapt korrigerte. Følsstøylen, eller noko i nærleiken var rettare. Vi gjekk opp Brattbakken og kom etter ein roleg tur i finværet fram til støylskvia som dekka matbehovet for nokre nyskjerrige Rye eller Føleidesauer. Og der kom også han Per-Kjell (Kjell Henden (83+)) i roleg gange nedover. Edny hadde alliert seg med han, og han fortalde kven som eigde kva av hytter, og ga oss også ei innføring frå den tida han var budeie på støylen og skulle stille tronga til filmande franskmenn. Grunnen for dette var at det var ein professor frå Frankrike som hadde skrive doktoravhandlinga si om sæterdrift i Noreg. Han ville no dokumentere dette på film, og det var ikkje få gongar dei måtte jage kyrne og inn av fjøsane før regisøren var nøgd. Dei fekk med seg alt, også dei som trudde dei kunne stikke seg vekk.
Deretter gjekk vi opp i hytta til Kjell. Den ligg blant fjøsane mot aust, og er reist på tuftene av den gamle felleshytta som 8 bruk delte fram til nærmare midten av førre hundreåret og før dei fekk eigne seperate hytter. Honndalshytta var bygt stort sett på måla etter den gamle, med det unntaket at utselet var delt av. I den gamle hytta sto det opprinneleg 4 sengar, eitt bord, to benkar og to krakkar. To og to bruk delte kvar seng. Perbruket delte blant anna seng med Klårane, og det var informativt å vite at Klårane låg innerst. Av ein eller annan grunn ser vi det føre oss. Bordet var opprinneleg veggfast og vart heist opp. Også rundt det var det klare plasseringar. Bruka inn mot veggen sat på eine sida, og bruka fremst på den andre. På endesida sat Perane og Klårane. Etter at bordet vart løyst frå veggen var det loddtrekning mellom desse to bruka kven som skulle få sitje på "nye"-enden. Til liks med sengane og bordplassering var det same rettferdig fordeling av skåp inne i hytta og mjølkehyllene i utselet. Kjell hadde også funne att dei gamle treskorne han brukte som tolvåring då han var med å støyla. Takk for informativt fortalet Kjell, det er ikkje mange budeier som kan føre samtaler på fleire språk, den delen er gått ut av læreplanen for budeiestudiet no. Det er forresten ikkje heilt enkelt å følgje han heile tida, han har ei eiga evne til å vri på orda og lage sine eigne som vi forstår fyrst etter at vi får fortalt samanhengen. Han kunne blant anna fortelje at han brukte å hente inn Følslyng, i staden for Rysslyng (etter Rye). Det tek av og til ei stund å få med seg slike vriar.
Etter denne økta gjekk vi ut, og der hadde Edny skaffa fram dessertbringebær, vaniljesaus, kjeks og kaffi, og vi hadde ei triveleg stund ute i hagen. Vi var nær 20 stk totalt, og vi gjekk ned att skogsvegen som kjem inn på støylen frå vest. Vi har ei sterk oppfordring til brukarane på Føleide og Rye. Ta dokke på tak og ta ned skogen som veks seg altfor stor. Det er synd at den fine utsikta frå støylen blir hindra.
Takk til Edny for opplegg og regi, og igjen takk til Kjell for munter informasjon.
Atle - Ingen kommentarar
18 08 08 14:13FØLEIDESTØYLEN
Så er vi komne til nest siste turen på programmet.Det er blitt litt kortare kveldar,så turane blir deretter.Vi skal starte på Mardal Skule som vanleg kl 18.30. Vi køyrer til Føleide og parkerer på "Skrubben" og går råsa opp til støylen.Det går rykte om ein overraskelse når vi kjem fram...Vi går bilveien tilbake.Den er litt lenger enn råsa,men det IKKJE ein lang tur.Alle kan vere med!VEL MØTT!!Edny - Ingen kommentarar
10 08 08 21:42Tysdagstur 12. august
Denne kvelden har vi sett opp Reedstøylen som mål. Gådelen av turen startar på Lyngneset. Der står det skilt, og det startar bratt. Ein kan rekne at det går ca 1,5 time opp, og litt kortare tid ned att same vegen. Støylen ligg rett under 600 moh og det er fin utsikt til Reed og over Breimsbygda.Atle - Berre en kommentar
06 08 08 10:27STØYVASTØYLEN
Endleg skulle veiret vere slik at vi kom oss opp på denne flotte støylen.Råsa går opp like under toppen på Utvikfjellet og går i trappetrinn mesteparten av stigninga.Ein kunne gått i tøfle,for den del.I høgde med toppen av skitrekket,flata det ut og vi gjekk faktisk ondabakka ned til støylen.Eit par idylliske vatn låg blanke og stille mot Vora og Eggenibba.Mange velstelte sel og steinfjøsar.Mest imponerte nok doen.I utkanten av støylen hadde dei murt opp eit lite hus med 2 avlukker. Gangen var pryda med Torsheim-kunst. På støylskvia var 3 jenter opptekne med hestane sine.Dei hadde sala opp og skulle ha seg ein ridetur på kvelden.Ein del av forsamlina vår var nyskjerrige på ka so var bortom vatna, og sette avgårde. Dei kunne fortelje at der framme låg endå eit vatn og nedanfor der låg endå ein støyl; Torheimstøylen. På kartet ser ein at Bjørnereimsstøylen ligg "vegg i vegg" med Støyvastøylen. Dei har laga seg køyringevei opp under støylen,-noko ein ikkje kan ane når ein kjem gåande i råsa eller står på støylskvia. Vi gekk tilbake til bilane på denne vegen,som er noko lenger å gå enn råsa.I det vi gekk over kanten frå kvia,såg vi det rauk frå grillplassen deira.Også kalla "røyksteinen",fordi det alltid er oppkveikt der. Ein av hytteeigarane fortalde at etter at støylsrådet vart oppretta,har aktiviteten der oppe fått ein oppsving,-som har ført til at alle hus er sette i stand bl.a. Vi var 14 stk,som fekk nyte ein fin kveld i Breim.Og denne gongen fekk eg hjelp te å telje.. Vi tykte vi var heldige so hadde fått vøre med!Edny - Ingen kommentarar
04 08 08 09:56TYSDAG 5.AUGUST
Ser at ingen har lagt inn kommentar på forslaget omå gå på Støyvastøylen denne gongen,- så difor trur eg vi seier det slik at alle er einige.Men det er sjølvsagt dei,som til eikvar tid møter,som bestemmer.Oppmøte på Mardal Skule som vanleg kl 18.30.VEL MØTT!Edny - Ingen kommentarar