25 11 08 12:55Juleverkstad søndag 7. desember

Søndag 7. desember kl. 15.00 - 18.00 blir det tradisjonell juleverkstad for borna på skulehuset.
Det blir snikkarverkstad, baking, måling m.m.
Sal av handverk og bakst.
Vi håpar at det også i år blir mange som stiller på og seljer eigenproduserte produkt! Ta gjerne kontakt med salsansvarleg Aase Elvebakk på tlf. 95 83 42 73.
Kiosk med sal av sveler og kaffi
Velkomen!
JanErik - Ingen kommentarar
11 11 08 22:24BYGDAKVELD

Det blir bygdakveld søndag 16. november kl 20.00. Allsong, mat og kaffi. Åresal og bildeshow. Vi ser på 4H-bilete der Ellinor og Steinar er våre lokale kommentatorar. Dette blir kjekt! Velkomne.
Komiteen
JanErik - Ingen kommentarar
08 11 08 22:22Døra på plass

Då er endeleg nyedøra komen på plass i skulehuskjellaren! Døra er spesiallaga etter mål og farge nøye vurdert av krinsstyret.. Arne Samestad har stått for kontakten med leverandøren og ikkje minst fagmessig montering - der underteikna vel mest fungerte som handlangar.
JanErik - Ingen kommentarar
05 11 08 21:18Buktabladet
Julenummeret er under planlegging. Planlagde salsdagar er 11 og 12 desember. Frist for innlevering til Reidar blir innan utgangen av november. Stoff kan også sendast på E-post til reidar.mardal@tele2.no.Atle - Ingen kommentarar