28 01 09 20:46Turnemnda for Buktaturane
hadde møte innje på Terratoppen tysdagskvelden, og etter ei god kveldsstund og nokre få telefonar enda vi opp med eit forslag til turliste som du kan sjå under Navlerusk til høgre. Vi vil takke alle som hadde sendt inn forslag til turar. Ikkje alle forslaga kom med i oppsettet, men vi har ikkje kasta forslaga - dei ligg på lager.
Vi har sett opp 20 turar, og bevegar oss denne gongen også over fjorden til Eid kommune eit par gongar. Vi testar i år yttergrensene i kommunen, også med omsyn til kva som er mogeleg å få til ei kveldsstund med utgangspunkt frå Bukta. Logistikken krev både omsyn til lys/mørke, til berrmark og snø og også at vi må kome tilbake til utgangspunktet sidan vi oftast må ha bilar med. 2 av turane var også med på oppsettet i fjor, men vi nølar ikkje med å setje dei opp att. Både fordi turane var fine i seg sjølv, men også fordi det var få som gjekk dei. Det kan tenkast at ikkje alle har fysikk til å følge dei rutene vi har sett opp, men innanfor mange av turforslaga er det mogeleg å lage lettar løyper utan å ta dei tyngste etappane.
Turnemnda håpar at mange har lyst å vere med på dei oppsatte turane og vi vil ynskje alle vel møtt til turstart ved skulehuset på Mardal tysdagskveldane kl 18.30.
Edny, Aase og Atle
Atle - Ingen kommentarar
26 01 09 14:44Årsmøte 2009
Da er årsmøtet i Mardal krins unnagjort, og det medførte to endringer i det sittende krinsstyret. Jan Erik Mardal og Arne Samestad har forlatt styret til fordel for Svein Ove Langeteig (leder) og Odd Nilsen.
Takk så mye til Jan Erik og Arne for innsatsen.
Det nye styret vil konstiture seg i løpet av februar.
Referat fra årsmøtet
Årsmelding 2008
SveinOve - Ingen kommentarar
05 01 09 09:00Årsmøte i krinsen søndag 25. januar

Årsmelding og framlegging av rekneskap.
Forslag til saker må vere melde til leiaren seinast innan 21. januar.
Det vert servert kaffi og noko å bite i.
Vel møtt!
JanErik - Ingen kommentarar