Siste kommentarer

medlem av Bukta T… (Tysdagsturar 2008…): Takk for jobben du har gj…
Liv (Tysdagstur 12. au…): Reedstøylen 12.08.08 Vi v…
edny (Svarthammaren): Styggeveiret skremde viss…
Edny (Vi var få): Dei 4 eldste og sprekaste…
Jon.Finstad (PLAKETTFEST FOR O…): Veldig triveleg plakettfe…
ågåtebakkja… (TYSDAGSTURANE 200…): Lurer berre på om det er …
Liv (TYSDAGSTURANE 200…): Takk til dei som har send…
edny (Dugnadshelg på st…): Hei Atle! ekje dar nåkre …
liv søreide klepa… (Velkomne til): Kjekt med pubsamling igje…
SveinOve (Hugs Årsmøtet på …): Den nye styret har enda i…

Kalender

« Februar 2012
S M T O T F L
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29      

Arkiv

Neste arkiv

01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 mai - 31 mai 2008
01 jun - 30 jun 2008
01 jul - 31 jul 2008
01 aug - 31 aug 2008
01 okt - 31 okt 2008
01 nov - 30 nov 2008
01 des - 31 des 2008
01 jan - 31 jan 2009
01 feb - 28 feb 2009
01 apr - 30 apr 2009

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

28 04 09 20:56Eg trudde ei lita stund

at eg hadde mista draget. I alle fall litt. Det møtte 13 + 1 ved skulen denne tysdagskvelden, og det var ein mindre enn førre tysdag. Vi gjekk oppover Høgane og heldigvis fekk vi påfyll av ei til då vi kom opp i Hjellhola. Dermed steig sevja igjen denne fine vårkvelden, og eg kunne gå å bure og sparke i smågrusen nede ved Kraftstasjonen (som også var lufteplass for Turid sin medbrakte). Der møtte vi også kraftstyraren som hadde sitt daglege ettersyn, med stor kjuksefinger. April blir ein kjempemånad for straumprodusentane. Men før det hadde Elise ei levande framstilling av korleis Hjellhola hadde fått namnet Gjeldehola, og vi fann også fram til kvifor Raubakkjen heiter det den heiter. Dette kan ho fortelje til utenlandske gjester dersom ho tek dei med i ulendt terreng. Det kan bli ei vekstnæring. Eldbjørg kunne også fortelje at ho denne dagen hadde gått ræse som ho ikkje hadde gått før. Så dermed vart det ein vellykka tur denne kvelden også.

Atle - Ingen kommentarar

05:51TYSDAGSTUR 28.april

Eg er kanskje ikkje den rette til å beskrive turen i dag, sidan eg aldri har gått opp "Høgane".Dei seier at det blir litt stigning, og at råsa kan vere litt glatt om det er vått. Vi får berre møte til vanleg tid og sjå kva kvelden bringar med seg.Husk kvikk-lunsjen!-og vel møtt!

Edny - Ingen kommentarar

22 04 09 20:31Tysdagsturen

Eg sa det med same eg kom til skulen, - dette blir ein tøff tur. Der var det møtt fram ei masse med damer, - og så eg. Og det vesna ved at det kom til endå fleire inne ved saga til Larsen. Vi gjekk opp langs elva til Kraftstasjonen, og jammen kom det til ei til der oppe. Tilsaman 14 + 1 oppover Høgebakkjen. Ved Kleppa fann nokre ut at dei ville gå ned att, eg reknar med at dei følgde vegen. Vi andre gjekk til Veslestøylen før vi gjekk over elva og deretter på Mardalssida opp til Tågebrua. Det vart kaldare så snart vi kom opp i nærleiken snøen, men det let seg gjere å stogge på å få seg ein kopp kaffi før vi gjekk ned att støylsvegen til Kloppa, og deretter same veg som vi gjekk opp. Vi var nede att ca 21.15 og vi var alle samde om ... at sjokoladen hadde godt av å bli lufta denne veka også. Det var ein fin temperatur denne vårkvelden, og vi hadde også godveret med oss.

Atle - Ingen kommentarar

20 04 09 19:52Tysdagstur 21. april

Vi startar enten ved Larssaga på Søreide (eller er det Synnøvesaga no?) eller nær Ågåtebakkjen og går oppover langs elva. Aase har kvista og sveitta seg ut tidlegare i vår. Vi kjem til Kraftstasjonen og kan følgje røyrgata til Tågebakkjen. Røynde fjellfolk seier at det også er mogleg å gå til støylen utan altfor mykje problem, så vi får vurdere det når vi kjem så langt. Det har litt med lyset å gjere også. Uansett satsar vi på retur langs Jardalsvegen ned att. Vel møtt ved skulen kl 18.30. Det vil denne gongen bli høve til å ete firedelt kvikklunch utan kvissel. Turid kan ta fram att sin, om ikkje anna så for å lufte den.

Atle - Ingen kommentarar

16 04 09 21:52Barnas Turlag med gå- og sykkeltur i Bukta

 

Søndag 19. april arrangerar Barnas Turlag gå- og sykkeltur i Bukta. Oppmøte på Mardal Skule kl 12.00. For nærmare info sjå oppslag ved skular og barnehagar.

 

JanErik - Ingen kommentarar

15 04 09 08:55TYSDAGSTURANE ER I GONG!

 10 i bil og 1 på sykkel.Alle damer i sin beste alder.Tykte karane at dette var ein pingletur? Vi fekk med oss litt kultur før vi starta på motabakkane mot Skår. Ved utgravingane på Vereideflata,vart det funne m.a. eit smykke,som ein trur har tilhøyrd "Bakketun-dronninga.Dette får de lese dåkke opp på sjølve.

Råsa var tørr og fin,sjølv om ho er bratte so berre juling.Men vi visste at dette var skuleveg for borna på Skår før i tida, så vi lest ikkje sveitte eller slite. Ein tett og dyster granskog  stengde for eit elles flott utsyn nedatt i bygda.Eg fekk spørsmål om eg kjende grunneigaren,-i so tilfelle måtte eg tipse han om dette.Hermed er det gjort,-for eg er overbevist om at han er ivrig lesar av Buktanavlen.

Etter å ha passert 3-4 led,kom vi endeleg opp i lyset.Det var strålande sol! Vi fann oss ein liten bakke nedanfor husa på Skår,-og her naut vi vårsola leeenge.Etterkvart kom det ulikt utstyr ut av sekkane. Ingrid,som etterkvart har vorte ein utstyrsfrik,var kjapt framme med ein tre-kvart-termos.Heilt nødvendigt på slike korte turar.Etterkvart viste ho og fram tursekken,drikkeflaska,pannebandet,-osb.Synnøve og eg viste kry fram sjokoladane våre! vi hadde nemleg slike kvikk-lunsjar  med berre 2 stenger.Dette tykte vi var so lurt på korte turar.Turid ,som sat i mylljå,pakka fort nedatt sin gammaldagse,store kvikklunsj,-og tykte det var kjekt at han hadde fått lufta seg litt. Han har visst vore med på mange turar før.

Sola varma godt og det var ikkje nødvendigt å kle på seg nåke meir om ein sat i ro.Etterkvart såg vi at sola gjekk ned i Bukta, mens vi fremdeles kunne få fregner på nasa. Vi følgde bilvegen frå Skår til Alme og Aske.Her gjekk vi nedover bøen til Else og Bård.Her stogga vi litt og hadde botanikk-time. Læraren trudde det var "gul-stjerne" vi hadde føre oss,-og det trudde vi og. Nedover frå Aske er råsa vid og open og det er lett å finne fram.Husk berre at du skal igjønå ledet i den gamle,mosegrodde steinmuren.

Vi kom nedatt på "den gyldne middelvei" ved dei øvste husa på Slagstad.Utover Vereideflata kjende vi at det ikkje er heilt sommar endå.Det var godt å ha noko for øyrene.Sola hadde sjølvsagt gått ned for lenge sidan her.

Vil du forlenge solinga utover kvelden,bør du ta turen! Råsa er grei å finne.Er du i tvil,så skal du igjønå ledet.Trur vi passerte 5 el 6. OG ALLE VAR SAMDE OM AT DET VAR EIN GILD TUR!

Edny - Ingen kommentarar

09 04 09 12:40Kor var det av

kule nr 76 på Påskebingoen i går. Den dukka aldri opp, som den einaste. Forsåvidt ikkje sårt sakna frå mi side, den hadde ikkje hjelpt meg til verken å få meg eit sprang eller bingo. Visste du forresten at alle kulene på 40 - talet kom fram då den lyseblå talongen galt, eller at alle på 50 - talet viste seg på den rosa omgangen. Nei det gjorde du vel ikkje. Då visste du vel heller ikkje at tilsaman 244 kuler vart trekte ut i løpet av kvelden, og då reknar eg ikkje med dei som var med under loddtrekningane. Frå 57 på den grøne til 67 på den rosa. Heldigvis vart 5-talet trekt ut i den omgangen mange markerte det før trekninga starta. Då kunne ein ta vekk fingeren frå feilmerkinga og late som ingenting.

Det var eigentleg ein skitbingo. Vårt bord vann ikkje i det heile, medan andre håva inn. Sikkert manipulert. Kvifor vart til dømes ikkje kule nr 8 trekt ut i det rosa spelet?. Hadde ho det hadde eg hatt full ramme. Men nei, måkje tru. I fyrstninga trudde eg det var utroparen sin feil. Han likte best tal han kunne få briljere med på to språk; buktisk og bergensk. Seinare kom svaret som kasta på meg, det var sjølvsagt kulerullaren sin feil. Det har seg slik at midt i det rosa spelet kom sonen inn i skulehuskjellaren. Han sytte for tankeoverføring mellom mora som sat og spelte, og faren som rulla kulene. Mora vann. I staden for meg. Eigentleg ein skitbingo, men kan ein venta anna når det er avtalt spel på høgt nivå.

Dessutan vann feriegjestene vel mykje. Det var ikkje slik for nokre år sidan då eg var feriegjest sjølv. Nei her har truleg vore ugler i posen, for vi fekk ikkje innsyn i kva som var oppi.

Men takk til nemnda som sto føre opplegget. Ca 50 bingospelande, og like mange på påskepuben etterpå sytte for rekordinntekter til huset. Sjolv om det var ein skitbingo.

Atle - Ingen kommentarar

Navlerusk