26 05 09 21:21Lyskeveir
Eg har ikkje høyrt eller sett uttrykkje før, men finn det passande i dag. Grunnen er som de skjønar todelt; dårleg ver og dårleg lyske. I praksis betyr det at vi på turen i dag brukte bilane for det dei er verdt. Vi fylte dei opp med potensielle massørar og køyrde opp til vegskiljet mellom Lotsbergstøylen og Lotsstøylen, og gjekk på begge. Som de skjønar vart det ikkje ein lang tur vi gjekk vi 9 som var med , men det var heilt greitt. Der oppe var det ein fantastisk utsikt til ingenting, det vil seie skodde. Vi fann oss rasteplass under nokre ufsedropar ved eit av sela på sistnemnde støyl og peila oss inn på 9. ferja til returen. Til orientering: KLFLS - som betyr KvikkLunchen fekk lufta seg. Neste gong held det med kortversjonen.
PS. Det låg att ei våt jakke i bilen min etter turen. Dersom eg ikkje finn rette eigar i løpet av neste månad skjer ein av to ting: eg gir den til Aase eller eg brenn den opp. Etter det eg fekk med meg var dette alternativ som har vore brukt før.
Atle - to kommentarar
25 05 09 08:52Ut av kommunen oppleving
For fyrste gong har vi tenkt oss ut av kommunen, til Lotsstøylen og Lotsbergstøylen. Vi må ta ferja kl 18.45, så frammøtetidspunktet / avreise må skundast fram eit kvarter til 18.15. Sei i frå til dei du veit kan vere interesserte i turen. Etter å ha sett på kartet er dette ein lang tur. Vi vil difor vurdere å ta med minst ein bil over og frakte dei som ynskjer det oppover støylsvegen. Det vil då vere fritt fram for dei som ynskjer det å gå ned att frå Lotsbergstøylen til Lotsberg, og deretter til vegen innanfor Lote. Alternativ å følgje støylsvegen ned att til Lote. Dei som er plaga av dårleg kne eller lyskar kan få vere med bilen ned att. Eit annan alternativ er å frakte dei som vil det til Indre Lotsberg, og at dei så kan gå opp på Lotsbergstøylen fyrst og deretter motsett veg. Dette ser vi litt an og blir samde om etter kvart, alt etter ver og føre og kor mange som møter.
Lotestøylen ligg på ca 430 meter, og Lotsbergstøylen på nær 390 meter. Kjentfolk seier det skal vere god utsikt frå særleg Lotsbergstøylen.
Atle - Ingen kommentarar
19 05 09 21:41Moldatjønna
ligg litt utanfor alfarveg, bak dei sju blånar. Ikkje heilt sant, men det var ein lengre tur enn vi såg føre oss ved å studere kartet. Heldigvis var det snøfritt, men litt myrete terreng måtte vi rekne med. Vi var 16 i alt, blant anna tre kjentfolk som sytte føre at både dei fremste og dei eldste kom fram. Vi fekk oss fortalt at dei tidlegare brukte å molde vatnet om våren, utan at eg heilt fekk med meg kvifor, og at det var opphavet for namnet på dette vatnet. Vidare fekk vi vite at det ein gong i året var det fast med rømegraut på Fjellestadstøylen og kaffi ved Moldatjønna. Det er ope lende der oppe og dermed litt småkaldt. Vi passerte Berge og Engeset støylane oppover, og tok retninga forbi Mannsæle (der kom det) og til Fjellestadstøylen på tilbaketuren. Nokre av oss hadde utstyrt seg mot regn, men det vart faktisk finare ut på, og ei lav kveldssol skein over oss då vi kom tilbake til skulen litt før kl. 22. Fin tur.Atle - Berre en kommentar
18 05 09 20:51Moldatjønna
er målet for turen tysdagskvelden. Det ligg i ca 750 meters høgde, og vi er slett ikkje sikre på om snøen er vekke der oppe. For dei heilt ukjende ligg det på fjellpartiet mellom Svinestranda og Haugsvarden. Eg vel og ikkje vere meir nøyaktig enn som så. Maria Føleide stiller igjen på som turleiar, og det ryktast også at sønene er med. Vi går heilt fram, eller til vi stupe i snøen, men fyrst må vi køyre til Kleivane. Det gjer vi i samla flokk.Atle - Ingen kommentarar
14 05 09 09:0817. mai feiring
Velkomne til tradisjonell 17. mai feiring i Bukta
Oppmøte kl. 14.45 - toget går kl. 15.00
Tale ved Anders Fitje
Austrheim musikklag
Leikar for barn og vaksne
Kiosk kaffi/kakar
- Komiteen -
SveinOve - to kommentarar
12 05 09 21:45Det er bratt
på vegen opp forbi Holvikfossen, men vi var likevel ca 15 som tok turen frå Turlaget, og ein del andre også som går her jamnare enn vi. Vel opp valde vi ulike traséar innover, men vi samla oss før vi gjekk vegen innover og ned på Eidsstøylen. Ei lita rast i kveldssola gjorde seg. Den varma ulikt; eg fekk bra varme i ryggen medan dei eg skugga for fekk lite. Slik er det av og til. Vi veit ikkje kvar dei eldste gjekk, dei skreiv seg inn omtrent med dei andre, men ville ikkje opp dei brattaste stykka. Uansett kvar dei gjekk hadde dei sikkert ein fin tur. Det hadde i alle fall vi sjølv om Styrk kunne tenkt seg å vere heime før, vi brukte ca 3 timar frå lunjeplassen og tilbake dit. I følgje bokja var vi 19 turgåarar denne kvelden.
PS: Turid møtte også til tur førre tysdag, men skreiv seg ikkje inn og returnerte eitt minutt på halv. Det var greitt for meg for om ho hadde skreve seg inn hadde ho øydelagt det poenget eg hadde. I dag var vi forresten tre til å dele på oppgåvene.
Atle - Berre en kommentar
12:23Finværet
er tilbake, og då vil eg også tru at gå-lysta kjem. Kveldens tur startar frå Lunnjeplassen i Holvika og går opp Fossen. Vidare tek vi vegen inn til Eidsstøylen. Her inne brukar det å vere litt myrete, og eg vil bli overraska om sola har klart å gjere så sværandes mykje med væta på denne korte tida. Vi går ned att forbi Leirstøylen til Kleivedammen. Vel møtt.Atle - Ingen kommentarar
06 05 09 13:43Ruskever
hindra dei fleste i går kunne eg konstatere etter å ha sjekka i boka i går kveld. Då står det respekt av Jon som var den einaste som hadde skreve seg inn og som der sa at han gjekk opp og rundt Veslevatnet. Er det ikkje likt seg. Denne kvelden kunne eg for ein gongs skuld fått avlastning for å sjå til og passe på fruene og fruentimmera. Og så dukka kun avlastninga opp. Alle andre heldt seg innjahyses med fyr i omnen og med kroppen godt inntulja i pledd. Prøv att også neste tysdag Jon.Atle - Ingen kommentarar
04 05 09 07:56TYSDAG 5.mai
skal vi gå til Indre Skaret, i følge planen.Vi satsar på at det ikkje kjeme nysnøve. Eg har prøvd meg opp i dette området før,men aldri funne nåke god rås til Mitresholten.Aase er heve å rennje i markja der oppe,så eg er ikkje uroa for at vi ikkje skal finne fram.Temperaturen er ikkje fullt så sommarleg som sist, då vi hadde 18 grader opp Høgane,-men vi får ta fram ulltrøya igjen og nyte turen. Det er no tillatt å ha med Kvikk Lunsj i alle variantar. Vi ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveldstur!
Oppmøte på Mardal Skule kl 18.30,-som vanleg.
Edny - Ingen kommentarar