29 06 09 10:23Tysdagsturen 30.06.
På grunn av større snømengde enn tenkt i høgda har vi lagt om turen også denne dagen. Vi flyttar difor turen til BLÅNIBBA fram nokre veker.
Vi køyrer opp Engesetåsen og like til bommen i vegen som går inn til Eidsstøylen, altså ikkje opp på parkeringsplassen til Bjørndalsbakkane sjølv om det også er ein farbar veg. 25 - 30 meter innanfor bommen startar ei rås som tek oss opp rundt Hesten. Råsa forsvinn oppe i myrane, men ved å skrå seg litt opp og litt til høgre over desse vil ein etter kvart finne ei ny rås når ein kjem opp i stigninga. Den går på skrå opp i bakkane opp mot Rypeskaret, men snur deretter oppover mot Blånibba som ligg på 1069 moh. Starten er på ca 540 moh, så det er brukbar stigning (altså delvis bratt). Sidan det er så heitt for tida blir det viktig å ta med godt med drikke, og dette kan etterfyllast frå grøver i alle fall før dei tyngste motbakkane.
Atle - Ingen kommentarar
23 06 09 17:48Tistamskaret
viste seg frå ei kald side, men likevel var 14 stk på vandring, og blant desse også nokre debutantar som eg fekk inntrykk av nesten var truga med på tur. Så gale var det nok ikkje og det vart ein fin tur til tross for trekkjen oppe ved vatna. Nokre har det med at fjellturen ikkje er fullkomen før ein ser fjorden nedunder, andre bryr seg ikkje om slikt. Dei fleste av oss fann så mykje ly at luftinga av sjokoladen kunne gjennomførast etter tradisjonelt mønster. Klesskifta var også tradisjonelle, eller bortsett frå ein av debutantane som ikkje ville vise seg fram berrhuda på overkroppen. Det kjem nok.
Vi oppdaga også at sauene på Kvilestøylen også fann kvile ved Kvilebu. Det var skikkelege ruker etter dei overalt framfor inngangsdøra. Diverre såg vi også ein lite lam som hadde fått "opprykk til hærligheten" (sitat slutt), og det var rimeleg ferskt for alt var enno ikkje oppete. Kanskje det var mora som skreik så sårt i nærleiken.
Neste tur blir til Blånibba. For ukjente ligg det eit stykke innanfor Svinestranda.
Atle - Ingen kommentarar
10:07JONSOKFEIRING
etter godt,gammalt merke, med rømegraut,aktivitetar,kiosk, brurefølgje og bål i fjæra.
KL 18.00 på Mardal Skule
VEL MØTT!
Edny - Ingen kommentarar
19 06 09 13:55Tysdagstur måndag 22.06.
Merk dokke dagen med ein gong. I tillegg kan de merke dokke at vi legg om ruta i høve til tidlegare oppsett. Dette fordi det er så mykje snø i fjella. Ruta for seinare turar kan også bli endra, men vi får ta ein tur om gongen.
Ei sjefsavgjersle skal bringe oss til TISTAMSKARET denne kvelden, ja vi må nok hjelpe til litt med beina óg, det kjem vi ikkje forbi. Vi køyrer til siste nydyrkingsfeltet nedanfor Kvilestøylen (ca 500moh), og går fyrst dei 10 - 15 minutta opp på støylen. Deretter går vi litt skrått oppover til vi når vatna og varden i Tistamskaret som ligg mellom Dunheia og Snøfjellet. Turen opp frå støylen tek ein times tid eller vel det, og det er greitt å gå oppover til ca 822 meter som Skarsvatnet ligg på. Vi kan rekne med litt snø oppe ved vatnet, men det ser vi på som uproblematisk. Nokre få av oss gjekk turen i fjor, men denne var så fin at vi unnje fleire å vere med.
Atle - Ingen kommentarar
17 06 09 08:22Haugsvarden
fornektar seg ikkje, særleg når nordavinden står rett på. Sjokoladeluftinga gjekk derfor føre seg i eit rekordtempo. Vi fann ly rett sør for platået og etter ei kvild runda vi deretter mot Svartevatnet og Vetestova. Dette var lenger enn vi hadde sett opp i turforslaget, men vi slit av å til med å tøyle løstene våre. Dette "referatet" får duge som avviksrapport sjølv om grunngjevinga er tynn. Vi unngjekk regn denne dagen, så det var fint å gå, om enn litt kaldt på toppen.
Dette var også debutantane sin dag, det var faktisk 5 av dei. Vi må kanskje lære Nordstrandsdamene opp til at dei ikkje må late att ledet rett framfor neste bil. Vi få sjå lett på dette fyrste gongen, men vi seier sjelden ting opp att to gongar.
Elles vart det ein del skrittspekulasjonar, og Marie som er den mest kunnige på det området og som har gått løypa før, kalkulerte med ein 16 - 17 tusen. Eg veit med meg sjølv at eg er småstega i ulent terreng, og etter dei stive hoftene å døme vil eg gå for det høgste talet, - minst. Vi var ikkje tilbake ved skulen før kvart på 11.
Det er også ein annan måte å telje skritt på, og den er mykje enklare. Sjølv telde eg 16, deriblant 3 mannfolk (og dermed ei vøle med kvinnfolk). Det er difor igjen grunn til å reise spørsmålet: Ha vi dæ gøtt?
Atle - Ingen kommentarar
15 06 09 14:46Vi har vore der før
men går der gjerne igjen, og no frå ein annan kant. Vi køyrer til Dimma og går i mot Haugsvarden. Småbratt og ulendt kanskje, men ikkje verre enn at sauene tek seg fram. Og då klarar vel vi og det (dersom vi går som ein saueflokk vel å merkje). Ned att såg vi føre oss å skråe innover lia og ned til Åsebøvatnet. Eit fåtal av oss har gått der, og eg er ikkje blant dei, så eg veit lite kva eg skriv om, men det ordnar seg nok. Og vermeldingane skal ikkje vere så galne har eg forstått, så det er sikker ok å gå i lave sko. Dei med stiletthelar er eigna kun opp til Haugsvarden. Sjølv om veret er fint kjem underteikna til å ta med klebyte. Dokke får no gjere det dokke vil, eg har no sagt ifrå.Atle - Ingen kommentarar
10 06 09 12:38Heller ikkje denne kvelden
fekk vi gå i fred for regnet. 16 stykker tok vegen over fjorden, det var opplett og sol etter ei kraftig regnbyge tidlegare på ettermiddagen. Og omtrent då vi starta gåinga frå tunet på Alsaker, med Annbjørg og Ingrid som turleiarar, starta regnet. Men pytt og, vi hadde ein fin tur oppover. Stigningane på Eid er som tilsvarande stigningar andre stader, dei er til å løyse sveitten av. Men kva gjorde no det når alle hadde følgt oppfordringa om å ha med tørre kle, og vi fekk gå i hus vel oppe. Tredje systra, ho Marta, venta der opp, og der fekk vi både kaffi og svele. Tusen takk til alle som varta oss opp.
Etter ein times kvild gjekk vi ned att. Neste gong tenkjer eg fleire tek med seg tørre ferjekle. "Hadde ikkje med fordi det sto kje noke om det" - argumentet held ikkje meir enn ein gong.
Atle - Ingen kommentarar
04 06 09 15:39Alsåkersætra
finn vi dersom vi søkjer nøye på kartet til Telenor, og det er altså turforslaget vårt den 9.6. Altså snakkar vi om ein utanfor kommunen oppleving igjen. Eg veit ikkje om råsa opp går inn i Stampejølet eller Tverrjølet, men det kan ikkje vere langt unna. Etter kartet å døme ligg støylen på i underkant av 400 moh, så det er ikkje avskrekkande, men det går jamt og trutt oppover gjennom skogsterreng. Ut frå augemål er det mellom 2,5 og 3 kilometer. Det er også mogeleg å køyre mest heilt fram for dei som ynskjer det. Det ryktast at kjentfolka har tenkt ut eit eller anna der oppe, så alle må ta med seg klebyte slik at ein slepp å sitje i utsveitta ondeskjorte med fare for frostelingar og påkomande sommarforkjøling.
Ver obs på følgjande: TUREN STARTAR 17.50 FRÅ SKULEN. Dette fordi vi må ta 18.15. ferja. Så håper vi alle på vent ver.
Atle - Ingen kommentarar
02 06 09 21:52Traudalen er like seg
Det var småvått i dag også, med små opplett innimellom. Ikkje dei tyngste byene, og det var fint med ein rast i skulet som er reist opp att inn mot inste vatnet. Då hadde vi også det tettaste regner og medan vi sat der kvitna det i høgda, så temperaturen var ikkje som i pinsa. Ein ting må nemnast, og det med ettertrykk: Råsa frå naustrekkja og inn mot støylen er langt under det nivå vi buktarar er vande med. Ryggjarar og Grovarar og andre som burde kjenne seg trufne må ta seg ein læretur på Jardalen, gjerne på Søreidssida, og deretter gå heim til sitt eige dalføre og flytte stein. Men vi kom oss uskadde både fram og tilbake alle 12.Atle - Ingen kommentarar