Siste kommentarer

Odd Eikenes (Vi har vore på Bl…): Vi var fire frå den litt …
Marie (Vi har vore på Bl…): Endeleg avgjer klarte vi …
Lars Bjørkeland… (Fjellsidene i Myk…): Eg var ein av debutantane…
Edny (Tysdagsturar 2009…): HUFFA!-beklagar at vi ikk…
Annbjørg (Lyskeveir): Eg ser de er i ånde ̵…
Marie (Lyskeveir): Det var drastiske tiltak …
Edny (): Har fått ein del tilbakem…
Edny (Moldatjønna): Ja, det var ein flott tur…
Tove (Tysdagsturar 2009…): Er det alltid oppmøte med…
Liv (17. mai feiring): Takk skal du ha Edny.Du v…

Kalender

« September 2010
S M T O T F L
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    

Arkiv

Neste arkiv

01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 mai - 31 mai 2008
01 jun - 30 jun 2008
01 jul - 31 jul 2008
01 aug - 31 aug 2008
01 okt - 31 okt 2008
01 nov - 30 nov 2008
01 des - 31 des 2008
01 jan - 31 jan 2009
01 feb - 28 feb 2009
01 jul - 31 jul 2009

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

27 07 09 15:29Vi har vore på Blånibba

Difor vil det ikkje vere ein aktuell tur tysdagskvelden. Vi har ikkje gått to oppsette turar i Hyen, ein til Ommedalsstøylen - Vasslivatnet, og ein til Mjellemstøylen - Rombergvatnet. Ein av desse kan vere aktuelle, i tillegg til den opp Vardane og rundt Blåfjellet som vi heller ikkje har gått.

Veret tysdagskvelden vil også kunne spele inn når turmålet skal setjast, og då har eg ikkje noko betre forslag enn å late turgåarane ta den endelege avgjerda.

Atle - to kommentarar

21 07 09 22:53Skodda låg tjukk i Austredalen i Hyen

fekk vi melding om, altså vart det ikkje til at vi gjekk den oppsette turen til Mjellemsstøylen og Rombergvatnet. Den tek vi nok igjen, den lokale fjellføraren kan stille på kort varsel. Regnet låg i alle synlege dalfører sjølv om det var tørt utanfor skulehusporten. Men vi hadde bestemt oss for å gå vi 4 som møtte opp. Dette var dagen for dei barskaste, dei som toler veir og væte. Difor var det heller ingen debutantar med. Vi tok turen i motsett regning, altså til Breim. Ei av dei som var med hadde gått der før, og meinte det bjønde på H. I så fall køyrde vi til Heggestøylen og gjekk inn Heggedalen til Ghåshemyhrstøylen. Vi fann rast på ein liten veranda før vi returnerte ut dalføret. Det gjorde godt å røyve seg litt i kveld også, og regnet slo aldri til.

Atle - Ingen kommentarar

22:52

Atle - Ingen kommentarar

20 07 09 23:07Tysdagstur 21.07.

Oppsett tur er i Hyen denne kvelden, med start og mål i Rognkleiva, og der turen er tenkt å gå til Mjellemstøylen og ned til Rombergvatnet. Veret er i skrivande stund (måndagskvelden) ikkje særleg lageleg for ein slik tur, og meldingane for i morgon er ikkje gode. Det  betyr altså at ein må vere budd på at den oppsette turen ikkje går som planlagt, så får veret avgjere om / eventuelt kvar tysdagsturen går. Det kan tenkjast at det ikkje kan bestemmast før ved skulen, og då er det spennande å sjå kor mange som møter.

Atle - Ingen kommentarar

14 07 09 23:27Fjellsidene i Myklebustdalen

er bratte. Eg visste det frå før, men hadde aldri gått der. Marie Bogstad Myklebust venta ved det gamle skulehuset i Sandalen, og vi var faktisk 16 stk som tok vegen nedanfrå. Veret skein også opp og det vart reint svettigt å gå oppover. Etter vel ein time kom vi til Fossheimstøylen (ca 725 moh). Etter ein rast i solsida framfor nokre av støylshusa gjekk vi over myrane til Sandalsstøylen. På begge støylane var det utlagt bøker, og i den siste fekk vi også lagt inn kor gamle vi var. Eg er ikkje heilt sikker, men ser ikkje bort frå at Barnas turlag fekk nye medlemmar. Eg tykte eg såg kryss i ruta for turbotrimmen for nokre av dei. Myggen var vel leiken på Sandalsstøylen, men var fråværande på Fossheimarane sin støyl. Det kan kanskje ha litt med at det er ikkje er beitande dyr der. Og vel nede att møtte vi bomber med knott langs vegen. Så det er dyreliv i dalen enno sjølv om sauehaldet er redusert.

I dag hadde vi med eit par debutantar til, så no må det etter kvart vere ei vøle med personar som har vore med på turane. Det er kjekt. Tusen takk til Marie som leia oss gjennom småskogen opp lia, og over myrane sjølv om råsa vart usynleg etter kvart mellom støylane. Til tross for stor vassføring kom vi oss alle vel fram både opp og ned, kanskje enkelte med litt våte bein.

Atle - Berre en kommentar

13 07 09 13:09TYSDAG 14. juli

er kanskje ferie for mange,-men tysdagsturane held fram. Denne gongen køyrer vi til Myklebustdalen,-og parkerar ved Sandal Skule,-Der møter Marie Bogstad Myklebust oss,-og tek oss med motbakka til to støylar. Ho seier det er nukso rett opp,-men ikkje långt. Der er både bilveg og rås,-men ho anbefalar råsa. VEL MØTT!  

95798355  (Marie mobil)

Edny - Ingen kommentarar

08 07 09 08:26Dei varme dagane

er over for denne gongen. Oppe på Svarthammaren på Sjedusida var det ein kald nordatrekk, og dei med ullskjorter hadde valt dei rettaste kleda. Det var likevel ikkje vanskeleg å finne ly for vinden så vi stogga på nesten ein halvtime før vi gjekk vegen tilbake. Kyrne og sauene var vel vant til folk såg det ut til, nysjerrige var dei i alle fall. Kanskje blir dei fora med jamne mellomrom så dei blir enkle å få heim att?

Vi var 8 stykker med på turen denne gongen, og av dei ei som debuterte. Ho vart sendt ut på råsleiting av mora rett som det var, og vi kom alle velberga fram både opp og ned. Stegteljaren viste visstnok vel 11 tusen steg, og det blir no opp til kvar av oss å rekne ut kor mykje kaloria det utgjer. I tillegg til pi skal visst nok tilbakelagde høgdemeter inn i reknestykket også, ja og så IQ-en óg.

PS: Det er tre månader til 7.10. - lat oss alle vere einige om det.

Atle - Ingen kommentarar

06 07 09 15:51Tystdagsturen 7.7.

Verste varmen har kanskje gitt seg no, og oppsatt tur går frå Gimmestadstøylen via Vesledalen til Svarthammaren. Deler av vegen har vi gått før mot Breidalen, men no skal vi bryte av til høgre. Eg går ut frå at det no kjem til røynde Svarthammargåarar som kan lose ferdafølje til rett stad, sjølv har eg ikkje vore der.

Marie opplyser elles at det er fullt mogeleg å gå til Ommedalsstøylen og Vasslivatnet no, og at det er aktivitet på støylen allereie. Det er difor duka for endringar i turopplegget, om ikkje denne tysdagen så snart.

Atle - Ingen kommentarar

01 07 09 08:56Stifinnarturen

Eg vart tildelt kjentmannsrolla tidleg, eg hadde tross alt vore på Blånibba ein gong før. Då råsa smuldra opp på myrane fekk eg spørsmål om eg hadde kontroll, og eg hadde det i finveret sjølv om det ikkje var lett å sjå. Vi visste kor vi var og vi såg kor vi skulle. Råsa fann vi att oppe i bakkane i småskogen opp mot Rypeskaret. Etter ein time og nokre timinutt +/- kom vi til toppen på 1067 moh.

Blånibba viste seg frå si beste side. Det var heilt vindstille, men så pass disigt at sola ikkje tok kvelartak på oss. 9 stykker, deriblant ein debutant. Vi prøvde så smått å innføre debutantoppgåver, i alle fall i praten, men så gløymde vi oss vekk. Ho fekk lov å gå fremst dei fyrste meterane ned att, men vi gjorde eit felles vedtak om at vi ikkje ville ende på Hunskår, så vi la om ruta litt. Nede på myrane hadde vi tenkt å finne råsa heilt ned att, men sjølv om vi nesten gjekk manngard ei stund var den ikkje å finne. Heldigvis får eg seie, slik at eg ikkje får på meg at eg ikkje hadde den fulle kontrollen eg prøvde å gje inntrykk av at eg hadde.

Dei to som gjekk inn på Svinestranda og ned att derifrå var komne til parkeringsplassen før vi andre. Dei har nok eit litt større tempo i kroppen, både oppover og nedover. Dessutan var dei sjølvforsynte med transportmidlar så dei trengde ikkje vente på nokon.

Til dei som brukar å gå på Svinestranda og ikkje har vore på Blånibba; ta turen litt lenger mot aust. Mykje finare utsikt, og greitt å finne fram.

Atle - Ingen kommentarar

Navlerusk