26 08 09 13:00PUB PUB PUB
På kort varsel hiver vi oss rundt og arrangerer PUB på skulen.
Oppstart fredag 28. aug. klokken 21.00.
Det blir salg av tørstedrikk og passende mat.
Værmeldingen ser bra ut - det blir en fin og varm kveld,
og det blir derfor tilrettelagt for uteaktiviter.
Gi beskjed til alle kjente, og still på!
- Krinsstyret
SveinOve - to kommentarar
25 08 09 21:59Bolberg.
Namnet vitnar om ormemark, og det raude lyset var også tent der oppe på toppen. Eg trur det er slik at det lyser berre når ormen er på det mest aktive og varslar Fare. Vi såg i alle fall ikkje ein einaste Føleiar ute, bortsett frå den vi sjølv hadde med. Og ho gjekk tidlegare ned att også, truleg fordi ho har høyrt alt om Føleidsormen og ikkje ville utsetje seg for meir fare enn naudsynt. Før vi kom opp til toppen gjekk vi gjennom jonælling-land (han må snart ut med kantkløpparen) og deretter i ei skikkeleg paddemark. Ei i følgjet var nær ved å miste motet. Lyngen tullja seg så merkjeleg rundt anklane.
Vi var altså 13 tøffingar som tok utfordringa. Eigentleg var dette tenkt å vere ein rimeleg lette tur sånn på slutten av sesongen. Og det kan godt vere at det hadde vore mogeleg å gå ein lettare veg enn den vi valde. (Det skal også seiast at vi gjekk motsett veg av det som var sett opp i turforslaget utan at det betyr allverda.) Men som sagt, vi er tøffe og tek ikkje dei enklaste rutene.
Vel oppe hadde vi kjempeutsikt både utover, over til Åsane og innover fjorden. På vegen ned att til Markusbrukjet på Føleide gjekk vi på oppgrusa skogsveg, og der var det jenteside til høgre medan venstre var lagt til rette for menn og handikappa. Begge sidene vart brukte. Vi var også heldige og fekk gå heile turen fritt for regn, - det var tjukkare på sørsida av Gloppefjorden.
Atle - Ingen kommentarar
24 08 09 15:27Tysdagsturen 25.08.
Då er vi komne fram til den siste turen som er oppsett i år, og vi ser at kveldane blir tidlegare mørke. Likevel trur vi at den oppsette turen på Nordstranda er mogleg å gjennomføre.
Vel så viktig er det at ho Eldbjørg på Elvabakkja gjerne vil invitere til ei avslutningssamkome inne ved hytta i Dalelia. Dette ser vi føre oss blir gjennomført SØNDAG 6. SEPTEMBER. Vi har ikkje brukt mykje tid til å planlegge, og vil heller ikkje gjere det, men vi har snakka om at det kan vere aktuelt å reise inn rimeleg tidleg. 12 frå skulen har vore nemnt. Vi kan til dømes ta med oss grillmat som vi lagar til der inne, eg ser føre meg ein "korgefest" der alle tek med litt slik at vi til saman kan mette 5000 eller derikring. Det er også høve til å ta seg ein tur i terrenget der inne, td i Risbotnen, eller ein kan vere heilt i ro og ikkje gjere kvestande granden. Høyres dette ok ut? I så fall set av søndagen til dette. Vi kan snakkast nærmare om det på tysdag.
Atle - Ingen kommentarar
19 08 09 07:47MYKLEBUSTSTØYLEN
Lars og damene fekk ein fin og regnfri tur innover dalen til Myklebuststøylen.Som sjøloppnemd grindagut,hadde han full jobb med å telje oss igjønå allje ledå.Traktorvegen bar preg av at det har regna mykje i det siste, og krøtera hadde sett sine spor både slik og sånn.Det var ikkje verre enn at vi,som alltid har utstyret i orden,kom os trygt inn til støylen,som ligg flatt og fint mellom høge og kneisande fjell.Elva renn tett ved støylen og bruer var bygde fleire stader.Vi tykte det vart litt for kort tur,ettersom det er uti sesongen og vi er bjønde å bli i form. Åtte damer pluss grindaguten vandra vidare innover dalen i retning Veiteberg.Dalen er lang,så vi måtte begrense oss og tenkje på skyminga.Vi gjekk forbi "Gamlestøylen" og rasta på "Sjøndahøgjen".Her fekk jammen Kvikk-Lunsjen til Turid lufta seg denne gongen og! Nordstrandsdamene hadde gjort seg føre og laga kaffi,-men fekk IKKJE ha nåke med ledå å gjere.
Alle var samde om at det var ein gild tur!
Edny - Berre en kommentar
04 08 09 23:21Turen i kveld gjekk til Sørsendalen
Det var ikkje mange som hadde vore i dette dalføret før, og det tykte eg å merke på stemninga i motbakkane. Dei stolte på ein måte ikkje heilt på ein saueeigar som hadde vore der før og som sa omtrent kor langt vi hadde att. Råsa innover dalføret var grei å gå på så lenge det var noko lunde flatt, men vart meir utfordrande i motbakkane. Turen opp gjekk radigt, vi brukte mindre enn halvannan time. Alle kom heilskinna fram til vatnet, og dei fleste slo seg ned ved naustet medan tre måtte sjekke ut Ovebu som snarast. Turen ned att gjekk endå radigare, og nesten nede var ein av turdeltakarane så uheldig å ramle i steinura. Venstre kne og lår fekk seg ein skikkeleg trøkk. Heldigvis var det ikkje så langt ned att til Nesstøylen. Vi har vore skånte for slikt hittil i år. Vi hugsar frå eit tidlegare år at det var uvanleg om ein eller annan ikkje var nedpå. Litt leit då at når det fyrst skulle skje så vart det så grundig (ut)gjort. Dersom kandølingar ser eit ekstra hjulspor innover det oppdyrka feltet innanfor Nesstøylen så legg eg meg langflat med ein gong, men vi fann ut i fellesskap at det var lurt å unngå for mykje trakk. Vi var tilbake der før klokka 10, og hadde såleis ein god halvtime å gå på til skumringa hadde sett inn. Og igjen, alle var samde om at det var ein gild tur, i alle fall nesten alle og nesten heile turen. Og vel heime var sikkert også tekstmeldinga klar for sending.Atle - Berre en kommentar