30 09 09 09:03Fullt hus på basaren
Det vart full brakke sist søndag då basaren gjek av stabelen, og krinssyret vil takke alle frammøtte for støtta til krinsen. Det vart eit svært godt resultat for oss, og det er vi faktisk også avhengig av. Vi må også få takke for alle dei flotte gevinstane vi fekk, både frå buktarane og butikkane på Sandane!
- krinsstyret
SveinOve - Ingen kommentarar
23 09 09 14:09Basar
Søndag 27. september kl. 16 er det klart for årets krinsbasar i Bukta. Vi håpar at mange vil ta seg tida til å møtast denne dagen, og kan freiste med god mat og drikke i tillegg til flotte vinstar og god stemning. Vi reknar med å avslutte rundt klokka sju. Vinnarlukke vert utlevert ved døra.
Det vert kopla opp teleslynge.
Vinstar vert tekne i mot med takk!
SveinOve - to kommentarar
09 09 09 21:34Turbilder
Har du bilder frå tysdagsturane i år? Aase har teke på seg oppgåva å samle inn og setje saman bilder, men då treng ho di hjelp. Saml bilda dine på ei fil og brenn dei inn på ein CD. I ytterste fall kan du bruke ein minnepenn. Det tek litt tid å setje saman til eitt fornuftig album, så ho håpar på få inn CD-ane så snart som mogeleg.
Atle - to kommentarar
06 09 09 20:12Tursesongen er over
No har eg sett meg fram for datamaskina for å skrive siste innlegget etter turane i år, og eg har ved dette høve kveikt på premien eg fekk etter spørjerunda Marie hadde laga til. Den viste at vi følgde planane vi la i vinter, i alle fall nesten. 3 av dei oppsette vart ikkje gått slik vi hadde tenkt, og det er slett ikkje dårleg når vi ikkje styrer veret. Qvissen minte oss også på ein del turar som vi nesten hadde gløymt, i alle fall dei detaljane Marie spurte etter. Avslutninga var ikkje til å kimse av. Eldbjørg og Steffen var verkskap for turlagsfolket, og opna hytta i Dalelia for heile gjengen. 22 inkludert vertskapet benka seg ved borda og fylte hytta til velkomstkaffi i eitt-tida. Veret var ikkje av det beste, vi hadde stort sett det meste av det vårherre kan by på ein tidleg haustdag. Men sjølv om det regna rimeleg kraftig under i alle fall ei av matstundene, la det ingen dempar på dagen. Eldbjørg hadde fyrt i hytta frå tidleg morgon, det var sett opp partytelt på uteplassen, og tre grillar vart plasserte oppe ved annekset. Det var såleis fullt mogeleg for alle å finne ly og varme, og å mette seg på medbragt mat - det var rikeleg til alle.
Etter middagen gjekk ca halvparten av oss ein tur inn til Gjengedalsstøylen. Ikkje så lang tur, men høveleg for å skape plass til meir kaffimat. Vi var alle samde om at det var ein heilt ok tur, og at Gjengedalsstøylen ikkje er særleg fin.
Vel ute att sprette Turid kvikklunchen sin, den som har følgt ho på alle turane i år. Det var framleis nokre små bitar att då laget braut opp etter endå meir kaffi og kaker. Neste år blir det nok av den små typen.
Vi hadde ein fin dag. Takk til vertskapet som opna opp for oss, og takk til alle for ein fin tursesong. Alle svarte rett på spørsmåla om vi skulle ha turar også neste år, og alle sa ja til at vi skulle gå utanfor kommunegrensene. Det vi ikkje fekk inn var turforslag. Så kom igjen, gjerne alt no.
Atle - Ingen kommentarar
04 09 09 13:43Tur til Dalelia
Som vi tidlegare har vore inne på vil Tysdagsturlaget reise til Dalelia på søndag. Vi satsar på å reise frå skulen i 12-tida og samlar oss i høvelege mengder til å fylle bilane. Då kan vi heller dele på kostnadane til bil og bompengane på Dalheim. Ta difor med rikeleg småpengar.
Vi har lagt opp til at dette skal vere ein korgefest. I praksis betyr det at alle tek med litt, variasjonen brukar å kome av seg sjølv. Det vert høve til grilling. Hugs også å ta med drikke dersom du ikkje vil drikke av Storevatnet / Gjengedalsvatnet eller Dalevatnet.
Ta med gode klede. Det vert høve til å vere inne også, men vi er no turfolk, og eg ser gjerne at mange nyttar høve til å byte - både ein og to gongar.
Vi avgrensar ikkje til kor mange turar du har vore med i år, - ein gong er ein gong for mykje til å bli eksludert av det gode selskap. Så du skal ikkje tenkje som slik at "eg har no vore med så lite". Nordstrandsdamene kan alt no vite at det er berre eitt led, og det vil Buktarane ta seg av. Så heller ikkje det er ei unnskyldning for ikkje å vere med.
Tenk også på kvar du kan tenkje deg å gå på tur neste år. Kanskje vi kan kladde ei full turliste alt no?
Atle - Ingen kommentarar