21 10 09 00:22Bingo og pub
Fredag er det klart for haustbingo med påfølgande pub.Vi startar opp med bingo klokka 19, og reknar med å være ferdige ca kl 21. Deretter brakar det laust med pub, og vi kan også love ein quiz i løpet av kvelden.
Vi håpar at mange ser fram til ein spanande kveld på Mardal skule. I tillegg til lausslupne tal kan vi freiste med både lett mat og drikke. Være velkomne og spre det glade bodskap!
SveinOve - Ingen kommentarar
01 10 09 11:45Open house
Litt internasjonalt i starten dersom det sit nokon i verda rundt oss og brukar det som søkjeord. Så får dei heller slite vidare om dei ikkje kan språket.
Som nemnt satsar eg på å ha ope skulehus laudag den 17. kl 20.00
Eg veit skræmande lite kva eg går til, men det får bli som det blir. Det betyr at det må bli ei svært uformell samkome.
Det sit kanskje nokon som lurer på om dei kan gå, - utan personleg invitasjon. Eg håpar at alle er så frie at dei faktisk kjem dersom dei har lyst. Alder er i alle høve inga hindring.
Atle - Ingen kommentarar