27 04 10 20:11SVELESTEINEN
var stor og rund,-til forundring for dei fleste av turgåarane. Det var bra vi hadde to drevne jegarar med oss denne kvelden,for det var mange fine hjortereser oppe ikring Søreidsveslestøylen. Vi parkerte ved "Jardøla Kraft",-og gjekk røyrgata opp under støylen. Vidare gjekk ferda opp nedste nakkeråsa i ganske slakt terreng til det flata ut og ned mot "Svelesteinen".Vi skulle hatt med sveivegrammafon med "Gammel jegermarsj" til dei underlege jakthistoriene til Synnøve og Jan,- men det var god hjelp i mildt veir og vakker sol i skogen.Utsikta mot Veten,Ryssdal og Søreide var heller ikkje å forakte.Åse R S la seg under steinen for å teste "takhøgda" med polarbrød i handa,-og melde om at ho hadde god plass. Etter at Synnøve var blitt avslørt som ein "kikk-jeger",-la vi turen om "Middagsskaret" og "Fuglehøgane" til vi kom borti "Mardalsråsa" og ledet nedanfor "Kløppa". Såvidt eg kunne telje var vi 12 damer,alle i beste alder, og 2 karar. Rett som det var laut vi seie høgt,det vi gjekk og tenkte; dette var ein fin tur! Kjekt å gå på nye plassar! Fint terreng og fantastisk veir! Takk for turen!Edny - Berre en kommentar
26 04 10 07:17Svelesteinen
høyres lokkandes ut for mange. Guiden er eigentleg komen i 100% stilling, men likevel meir oppteken enn nokon gong. Til tross for dette har han sagt at han set av litt tid denne kvelden til å lose folkemengda til rett plass. Ta med flat mat i så fall, sjølv om meldingane skal tilseie at den kan etast under open himmel.Atle - Ingen kommentarar
21 04 10 14:01Grasrotandel frå Norsk tipping til Bukta 4H
No kan du støtte Bukta 4H når du tippar!
Korleis? -->Spør i tippedisken.
Tips dine næraste!
Helsing Bukta 4H
SveinOve - Berre en kommentar
20 04 10 20:24Det vart Fitjevårstøylen
Og det vart ein fin tur for dei 9 som gjekk. Vi måtte ta nokre steg i snø, eller vi gjorde i alle fall det sjølv om vi sikkert kunne unngått det. Og det var også litt vått i terrenget somme plassar, men veret var heilt kjempe sjølv om det kjølte litt i det sola gjekk bak Arnestadfjellet. Heile turen tok vel to timar, så vi var alle heime i god tid før skumring.Fin tur, og i alle fall eg merkar at det er tidleg i sesongen og at vinteren har vore lang og nesten ubrukt.Atle - Ingen kommentarar
19 04 10 08:35Blir det tur denne tysdagen også?
Ja det blir det nok, men det kan vere at snøveret dei siste dagane fører til at vi må improvisere litt og at vi heller ikkje no kjem oss på Midtresholten. Eit alternativ var å byte om med Svelesteinen, men den lokale guiden er oppteken på anna hald denne kvelden, og det er no ein føresetnad at vi finn målet om vi skal kalle det ein sukkkksessss. Eg trur vi får ta nokre avgjerder der og då, ved skulen kl 18.30. Vi kan no ta ein låglandstur i Bukta, eller kanskje til Fitjevårstøylen der ho Aase har vore nyleg og kan konstatere at der er gåandes??Atle - Ingen kommentarar
13 04 10 19:45Tysdagsturstart
Det var ein flott vårkveld med sol og ein liten nordatrekk. Vi var sju stykker som gjekk opp Heggjadalen, opp forbi Loggane, ned att og ut forbi Bærane, ned Pålstadvegen og ut att til Ryggjaøyra. Ikkje ein kjempelang tur altså, men heilt grei start på sesongen. Og Edny kunne fortelje kven som budde kor i kvart eit hus vi gjekk forbi. Det er på ein måte litt synd at store hus står og blir brukte til feriebustader, men det er lite vi kan gjere med det. No er vi i gong, og som tidleg i fjor, eg var åleine kar. Det kan rette seg fort til neste tur...Atle - Berre en kommentar
12 04 10 18:45Tysdagstur 13.4.
Så startar vi opp att med ein ny sesong med tysdagsturar. Og vi startar relativt roleg med ein tur i låglandet ute på Rygg. Dette er ikkje ein lang tur, eller tung tur, men det kan vere greitt å få smaken på det igjen. Vermeldingane er gode så vi håpar at mange finn fram joggeskoa. Fjellskoa kan vente til seinare. Skulen kl 18.30.Atle - Ingen kommentarar