27 07 10 09:03Blådalsvatnet
Det er mange Blådalar og Blådalsvatn, men i denne samanheng meiner vi det som ligg på søraustsida av Øykjeheia.Turstart på Løvland, inst og oppe i Kandalen. Ser ut på kartet til å vere ein noko bratt tur opp til vatnet som ligg på 851 moh. Etter det same kartet skal løypa vere merka.
(eg skal ikkje gå sjølv i dag)
Atle - tre kommentarar
18 07 10 16:53I fjor gjekk turen til Sørsendalen
I år har vi sett oss ut Øykjeheia. Det går rimeleg flatt innover frå Nesstølen før det skråar inn og oppover. Vatnet ligg 887 moh, så det ørlite lågare enn i Sørsendalen. Distansen er også litt kortare. Så får vi håpe at alle held seg på beina og unngår skader. Og sjølvsagt må veret spele på lag om turen skal gjennomførast etter oppsettet.Atle - Berre en kommentar
11 07 10 22:52Hyen igjen, dersom veret er lageleg
Meldingane er ikkje gode for tysdagen. Men om det blir tur blir den omtrent som så: Køyre inn til Rongkleiva. Gå opp bakkane mot Mjellem før turen tek omtrent rett oppover. Bratt eit stykke, men absolutt overkommeleg. Skrå deretter innover mot søraust. Støylen ligg rett under hammaren. Deretter på nordsida av støylsvatnet, over heia og ned lia til nordre enden av Rombergvatnet, og vegen ned att til Rongkleiva.Atle - fire kommentarar
07 07 10 07:42Restalljen såg nybrukt ut
- kanskje utan dei kjende luktene. Vi lurte difor på om det var dei to hannane blant para som gjekk fyrst ut i terrenget som hadde briska seg litt på heimveg, men kom vel til at gropene sikkert ikkje var så nybrukte likevel.
Det vart ein fin tur, litt vått i terrenget rett nok, særleg der vi mista råsa. Vi reiste 4 + 4, dei fyrste ein god time før dei neste. Vi brukte godt og vel 1,5 time frå parkeringa og fram på Klompen, Nautskorklompen altså, og fekk eit godt oversyn over store deler av Austredalen. Vi såg etter kartet som dei før oss meinte dei hadde lagt att, men fann det ikkje. Så det kan no vere eit mål for seinare turar, og då kan ein byrje å sjå etter det alt langs vegen frå Å, for her kan det blese ned og fram må vite.
Turveret var bra til å gå i, vi fekk ørlite regn på oss utan at det vætte. Og det sler ikkje feil at det er godt å ha noko å dra over haud og hender på kvileplassen, for den kalde vinden er vanskeleg å unngå.
Atle - Berre en kommentar
05 07 10 07:48Nautskorklumpen - om veret vil
For veret må vere på lag om turen skal bli som oppsett. Den startar med køyring til Rongkleiva i Hyen og innover mot Langevatnet der vi tek beina fatt. Vi tek oss opp stigninga til Vesle Rognkleivsvatnet og går nordover Nautskora. Vi må rekne med litt myrlendte parti. Etter ei stund med rimeleg jamn stigning (ikkje bratt) kjem vi til klumpen som dei fleste som har køyrt Austredalen har sett utan å tenkje på den. Den ligg rett ovanfor Ommedalen på høgre sida. Det er ein ganske lang tur, i alle fall på kartet, så det krev at vi startar kl 18.00 frå Mardal skule.Atle - Berre en kommentar