Siste kommentarer

Aase R S (Fløtravarden): Tursesongen er over, men …
Edny (Fløtravarden): Ja,-siste turen er unnagj…
Aase RS (Fløtravarden): Er dessverre forhindra i …
Marie (Sesongens nest si…): Idag var det ingen proble…
Edny (Ommedalsstøylen -…): Det er visst skrivetørke …
Aase RS (Ommedalsstøylen -…): Eg håpar forresten at ein…
Aase RS (Ommedalsstøylen -…): Nei, det er vi ikkje R…
Liv (Ommedalsstøylen -…): Det var ein kjekk tur Aas…
Aase RS (Ommedalsstøylen -…): Det er visst ingen med &#…
Marie (Ommedalsstøylen -…): Tur-referat frå turen Gje…

Kalender

« Februar 2012
S M T O T F L
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29      

Arkiv

Neste arkiv

01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 mai - 31 mai 2008
01 jun - 30 jun 2008
01 jul - 31 jul 2008
01 aug - 31 aug 2008
01 okt - 31 okt 2008
01 nov - 30 nov 2008
01 des - 31 des 2008
01 jan - 31 jan 2009
01 feb - 28 feb 2009
01 apr - 30 apr 2009
01 mai - 31 mai 2009
01 jun - 30 jun 2009
01 jul - 31 jul 2009
01 aug - 31 aug 2009
01 sep - 30 sep 2009
01 des - 31 des 2009
01 jan - 31 jan 2010
01 mar - 31 mar 2010
01 apr - 30 apr 2010
01 feb - 28 feb 2011

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

18 02 11 17:32Påskenummer Buktabladet

Vi vil prøve å få ut eit nummer til påske også. Stoff og bileter kan sendast til underteikna på epost: atle.soreide@enivest.net. Skriftype Calibri - storleik 12 om du har det på PC-en din. Vi håpar å få inn mange kjekke bidrag, og vi treng det sidan redaksjonen er blitt ein mindre sidan førre nummer. Kanskje nokon har lyst å vere med som fast medlem?? I så fall tek eg imot melding om det også. Fristen for bidrag set eg til utgangen av mars, men helst så tidleg som mogeleg.

Atle - Ingen kommentarar

17 02 11 19:37Akedag i Jardalen – med mat på bål

Bukta 4H kjem snart til å arrangere ein akedag i Jardalen. Dato og tidspunkt vert kunngjort på plakatar og buktanavlen like før.
Vi skal gjere det triveleg med bål, der vi lagar god mat og deler ut – heilt gratis! Vi har nemleg fått tilskotsmidlar frå 4H Miljøløftet til å kjøpe inn utstyr til å lage mat på bål og (mest mogeleg) lokale matvarer.
Det er kjekt å vere ute i lag, store og små - anten ein akar sjølv eller berre har lyst til å sjå på leiken, og slå av ein prat. 

Kom og bli med!
Bukta 4H v/Kristine Stensaker Book

SveinOve - Ingen kommentarar

19:24Naturmøteplass ved Veslevatnet

Bukta 4H skal bygge ein gapahuk ved Veslevatnet, i samarbeid med Mardal krins. Vi har sett oss ut ein fin stad attmed granfeltet inst i vikja (til venstre når ein kjem bilvegen), ikkje langt frå utmarksbeitet til Elvebakkjen. Vi har ikkje bestemt kva type gapahuk enno, men vil byggje frå grunnen av og bruke naturmateriale - helst frå nærområdet. Vi vil rydde plass til to lavvoar utanfor, og lage til grue. Naturmøteplassen skal ha tilkomst for barnevogner og rullestolar. Vi har nyleg sendt søknad til Gloppen kommune om løyve til å etablere naturmøteplassen påkommunen si tomt (gnr. 6, bnr. 2).

Barn og unge i 4H skal rydde, kviste, sage, snekre og skjere torv - i samarbeid med dei vaksne i 4H, foreldre og andre bygdefolk, unge som gamle. Bli med du óg! Ei byggenemnd frå 4H og krinsen vil planlegge arbeidet. Vi set opp tidspunkt og kva utstyr som trengs på buktanavlen.no. Arbeidet startar så snart det let seg gjere. Om alt går etter planen, står gapahuken ferdig til haustfesten vår 1. oktober.Vi kjem til å lage mat på bål kvar gong, og det vert god bakst til kaffien – laga av barn og unge i Bukta 4H. Naturmøteplassen blir staden for gode samtaler, trivsel og skapande verksemd. Aktivitetane skal stimulere til deltaking, å bruke kroppen, nysgjerrigheit og oppdagingslyst. Her kan barn, unge og vaksne møtast til natur- og friluftsaktivitetar.

Vi håpar dette skal bli ein open, tilgjengeleg og familievenleg naturmøteplass vi kan ha mykjeglede av i åra framover. Du er hjarteleg velkomen til å vere med på arbeidsøktene ved Veslevatnet, og til å bruke naturmøteplassen – når den står ferdig!

Helsing frå 36 barn og unge i Bukta 4H v/ Kristine Stensaker Book (leiar)

SveinOve - Ingen kommentarar

Navlerusk