Siste kommentarer

Aase RS (Vi må endre tur): Kva underlag går turen på…
Atle (TUR TIL MARDAL-OG…): Slik går det når ein slep…
Liv (TUR TIL MARDAL-OG…): Takkar Edny for kaffi, va…
Aase RS (TUR TIL MARDAL-OG…): Og takk for vaflene Edny!…
Edny (Jardalvegen): Nei.
Aase RS (Jardalvegen): Får dette nokon konsekven…
edny (Tysdagstur til Ei…): Det er meldt dårleg veir …
Aase RS (Arnestad - Arnest…): Denne innsatsen må vel kv…
edny (Arnestad - Arnest…): Seks av dei tøffaste møtt…
Liv (Som de ser under): Atle eg saknar eit lite …

Kalender

« Februar 2012
S M T O T F L
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29      

Arkiv

Neste arkiv Forrige arkiv

01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 mai - 31 mai 2008
01 jun - 30 jun 2008
01 jul - 31 jul 2008
01 aug - 31 aug 2008
01 okt - 31 okt 2008
01 nov - 30 nov 2008
01 des - 31 des 2008
01 jan - 31 jan 2009
01 feb - 28 feb 2009
01 apr - 30 apr 2009
01 mai - 31 mai 2009
01 jun - 30 jun 2009
01 jul - 31 jul 2009
01 aug - 31 aug 2009
01 sep - 30 sep 2009
01 des - 31 des 2009
01 jan - 31 jan 2010
01 mar - 31 mar 2010
01 apr - 30 apr 2010
01 mai - 31 mai 2010
01 jun - 30 jun 2010
01 jul - 31 jul 2010
01 aug - 31 aug 2010
01 jan - 31 jan 2011
01 feb - 28 feb 2011
01 apr - 30 apr 2011
01 mai - 31 mai 2011
01 jun - 30 jun 2011

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

31 05 11 20:51TUR TIL MARDAL-OG SØREIDSSTØYLEN

Dette vart ei lita erstatning for Eida-turen,-men naturopplevelsane var flotte nok.Underteikna drog litt tidleg og fekk sjå to hjortar rett ovanfor kraftverket.Og dei 6 damene,som kom etter, hadde sett frausk og 5 reinsdyr. Vi vart nok litt våte både innanfrå og utanfrå,-men vi har lært av Atle, og hadde med klebyte. God varme i ovnen var ikkje akkurat ekkelt i slikt veir.Matpausen varte nok litt lenger enn vanleg, sidan vi sat askilleg betre enn vi pla.Søgjen gjekk friskt kring bordet,-men vi klarte ikkje å få i oss alle vaflene.Vi gjekk nedatt nye søreidsveien.Der slepp ein å tenkje på sleipe steinar og røter. Nedanfor Veslestøylen fekk vi prøve den nye ,provisoriske bruna.Mykje godt muringsarbeid med gravemaskin og handemakt er lagt nedi veita,som skal gå under ei ny ,støypt bru. Vi får tru at denne veita vil ta unna komande vassflaumar. Takk for turen,damer!

Edny - tre kommentarar

30 05 11 20:40Jardalvegen

Vi skal støype ny stikkrenne nedanfor vetlestøylen. Vegen vert difor stengt frå 31. mai  i ca 14 dagar for småbilar, og ca ein månad for større bilar. Parkeringsplass ved Kløppa (midterste brua) og nakkeråsa kan nyttast.

Styret i Jardalsvegen
v/Jon Finstad

SveinOve - to kommentarar

19:03TYSDAG 31.MAI

Turen til Eid bør takast i betre veir. Vi møter på skulen til vanleg tid og køyrer så langt vi blir einige om. Opp til Mardalsstøylen, over på Søreidsstøylen, (her blir det anledning til  å gå på do og gå i hus og ete niste om det er ynskjeleg) og nedatt råsa langs elva,-eller nedatt nye Søreidsvegen til parkeringsplassen og vidare ned til bilane. VEL MØTT!

Edny - Ingen kommentarar

28 05 11 11:28Tysdagstur til Eid ???

Det vart ein frisk tur førre gong kan vi lese av kommentarane, men slett ikkje uforsvarleg om nokon skulle meine det. Turen denne tysdagen var i utgangspunktet tenkt til halvøya på sørsida av Eidsfjorden, og då med turfølgje med genar der ute ifrå. Meldingane er derimot ikkje dei beste, og det må dei vere for denne turen. Det kan bety at det må omveltningar til. Bruk kommentarfeltet under, og sjå kommentaren til Edny, (eg er sjølv bortreist på dagen).

Atle - Berre en kommentar

21 05 11 17:26Arnestad - Arnestadfjellet

Turen startar rett utanfor byggjefeltet på Arnestad og følgjer ein skogsveg som går innover og ovanfor Labakkjen. Det er vått i terrenget så ha gode sko, og dersom veret held seg er det nok heller ikkje mogeleg å unngå å bli våt.

Atle - to kommentarar

13 05 11 14:23Som de ser under

er starten for neste tysdagstur kl 16.00, ikkje klokka 15.00 som tidlegare sagt. Treng truleg ikkje klebyte.

Atle - Berre en kommentar

12 05 11 20:3517 MAI I BUKTA

Oppmøte på Mardal skule kl 15.00

Tale ved Erling Sande, ca kl 15.00

Gloppen Janitsjar sperlar i toget, kl 16.00

Leikar for barn og vaksne

Natursti 

Kiosk

VELKOMNE!  
-komiteen

SveinOve - Ingen kommentarar

10 05 11 21:08Det var kortbuksever i dag

Ca 14 - 15 grader og fint turver med andre ord. Vi starta ute ved lunnjeplassen til Austrheimarane og gjekk inn skogsvegen til vi kom inn på råsa opp til fossen. Etter ei lita rast oppe ved fossestarten gjekk vi vidare opp på vegen, tok til høgre før vi kort etter braut av mot venstre. Denne turen opp på sjølve Engesetåskammen var ny for dei fleste av oss. Vi passerte lysløypa frå Kleivane og kom ned att på Engeset rett ovanfor beitet. Og sidan vi var så mange var værane greie å ha med å gjere og vi traff råsa ned att 100%. Den var forbausande og irriterande mykje betre å gå enn den råsa vi ikkje fann førre gong vi gjekk der, til tross for at vi då gjekk manngard. Det var 11 turgåarar med, og vi gjekk visst i overkant av 10000 skritt kvar i følgje dei som reknar på slikt.

Atle - Ingen kommentarar

08 05 11 22:18Komande tysdagstur den 10 mai

startar vedlunnjeplassen ovanfor Leirbrekka. Altså ikkje ovanfor Holvika som vanleg. Har dokke fått med dokke det... Det er ho Marie som har sagt det, og vi lit på henne.  Deretter går den inn skogsvegen og inn på råsa opp og forbi fossen som vanleg. Vel oppe skal vi gå ein annan veg mot Engeset enn den vi vanlegvis brukar. Ho Marie har sagt det og, og vi lit på henne ein gong til. Ho veit dessutan akkurat korleis vi skal gå ned skogen for å hamne ved Lunnjeplassen ovanfor Leirbrekka. Vi har tullja litt nedover der før, og det er slett ikkje naudsynt når vi har kjentfolk med som vi lit på. Vel møtt.

Atle - Ingen kommentarar

03 05 11 22:24Det var ein litt annleis tysdagstur

Ingen hadde gått der før og ingen visste sikkert kvar vi skulle gå. Vi vart guida inn på råsa av kjentfolk, og deretter klarte vi oss åleine. Og det gjekk rett så bra, litt ut av lei var vi ei stund, men fann både rås og bru der slikt var å finne. 15 stk, der faktisk ein kom eins ærend frå Svelgen. Vi "valde" å gå frå Øvre Åsane til Ytre Åsane og ned til vegen derifrå. Og det ligg mykje arbeid bak både veg og tufter, td på Logg. Litt kalde trekk der det var ope lende, elles heilt greitt, og vi var nøgde etter tre timar i Eid kommune.

Eg har i ettertid fått vite at Logg var ein vårstøyl som var i bruk før dei flytta til YtreHennjestøylen litt seinare på året. Nær Logg låg det ein gard i gammal tid, men denne vart fråflytta pga rasfare. Ein må vere svært lokalkjent for å finne denne.

Atle - Ingen kommentarar

02 05 11 11:06Hennjebygda - Øvre Åsane

Til denne turen krev det litt logistikk. Vi må parkere minst ein bil i Åsevikja og køyre resten inn til Hennebygda. Starten går heilt i byrjinga av bygda, omtrent der vegen deler seg ned til sjøen. Vi parkerar ved felåset. Derifrå går vi skrått utover og oppover til Logg, som er eit gammal slåttemark / utmark. Vi har då omtrent høgda vi treng og går vidare utover til Øvre Åsane. Vi bør ta 18.45 ferja, så vi må seie avreise frå skulehuset ca 18.20  -  seinast  18.25. Ha godt fottøy til turen, vi skal blant anna passere tre elvefar. Det har vore tørt så lenge at eg ikkje trur at det er noko problem, og meldingane er gode. Dette er ikkje ein ekstremtur, men det kan vere litt luft i det vi passerar elva ovanfor tunellen har eg høyrt (frå ein lokalkjent som sjølv ikkje likar luftige tilhøve, men som har gått der mange gongar).

Atle - tre kommentarar

Navlerusk