Om Buktanavlen

Buktanavlen.no er informasjonsveven til Mardal krins. Her finn du informasjon om hendingar, litt sladder, og all anna informasjon du skulle trenge om Bukta. Om det er noko du saknar, nøl ikkje, men ta straks kontakt med ein av kontaktpersonane i krinsen:

Kontaktpersonar i krinsen:
Svein Ove Langeteig, leiar
Inge Fjerdingstad, bygg og teknisk
Bergfrid Mardal, utleige
Odd Nilsen, kasserar
Leiar 4H, styremedlem
Lise Elvebakk, styremedlem
Anne-Iren Elvebakk, styremedlem

Siste kommentarer

Aase R S (Fløtravarden): Tursesongen er over, men …
Edny (Fløtravarden): Ja,-siste turen er unnagj…
Aase RS (Fløtravarden): Er dessverre forhindra i …
Marie (Sesongens nest si…): Idag var det ingen proble…
Edny (Ommedalsstøylen -…): Det er visst skrivetørke …
Aase RS (Ommedalsstøylen -…): Eg håpar forresten at ein…
Aase RS (Ommedalsstøylen -…): Nei, det er vi ikkje R…
Liv (Ommedalsstøylen -…): Det var ein kjekk tur Aas…
Aase RS (Ommedalsstøylen -…): Det er visst ingen med &#…
Marie (Ommedalsstøylen -…): Tur-referat frå turen Gje…

Kalender

« September 2010
S M T O T F L
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30    

Arkiv

Neste arkiv

01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 mai - 31 mai 2008
01 jun - 30 jun 2008
01 jul - 31 jul 2008
01 aug - 31 aug 2008
01 okt - 31 okt 2008
01 nov - 30 nov 2008
01 des - 31 des 2008
01 jan - 31 jan 2009
01 feb - 28 feb 2009
01 apr - 30 apr 2009
01 mai - 31 mai 2009
01 jun - 30 jun 2009
01 jul - 31 jul 2009
01 aug - 31 aug 2009
01 sep - 30 sep 2009
01 des - 31 des 2009
01 jan - 31 jan 2010
01 mar - 31 mar 2010
01 apr - 30 apr 2010
01 aug - 31 aug 2010

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

31 08 10 20:06Jentene sin kveld

Oppstartsmøte

vert søndag 12.09.2010 kl. 20.00 på Mardal Skule.

SynnoveS - Ingen kommentarar

22 08 10 11:42Fløtravarden

.er for oss nedreglopparar mest kjent som eit turmål om vinteren. Så kvifor ikkje gjere den til eit sommar/haust - turmål også. Det er ein rimeleg lett tur som kan gåast av dei fleste. Start kl 18.00. Ta med lommelykt eller haudelykt for skumringa kan kome på før ein er tilbake ved parkeringsplassen på Utvikfjellet.

Atle - tre kommentarar

15 08 10 11:59Sesongens nest siste tysdagstur

Høgenausen og Nautefjellet ligg på høgre side av Hestedalen, og er det nest siste turmålet denne sommaren. Eg ser at det er nemnt at det kveldast tidlegare og at vi difor bør gå tidlegare også. Og der mørknar tidlegare og tidlegare for kvar dag framover no. Difor seier eg no at turstarten er kl 18.oo. Legg liksågodt alt no ei lykt i sekken slik at den er på plass til siste turen til Fløtravarden.

Atle - Berre en kommentar

02 08 10 08:10Ommedalsstøylen - Vasslivatnet

Då vi sette opp denne turen tenkte vi på å køyre opp på støylen og gå derifrå. Med det som utgangspunkt er det difor ikkje ein altfor lang eller altfor bratt tur. Men det krev nok bilar med trekk på alle 4 hjul, for vegen til støyls er bratt. Vermeldingane er ikkje så ille, så får det vise seg om dei stemmer med det verkelege veret.

(Eg er ikkje med denne gongen heller)

Sjå kommentaren til Marie under, ho vil gå frå Gjengedalsstøylen til Vasslivatnet, og det er sikkert eit godt alternativ.

Atle - ti kommentarar

27 07 10 09:03Blådalsvatnet

Det er mange Blådalar og Blådalsvatn, men i denne samanheng meiner vi det som ligg på søraustsida av Øykjeheia.Turstart på Løvland, inst og oppe i Kandalen. Ser ut på kartet til å vere ein noko bratt tur opp til vatnet som  ligg på 851 moh. Etter det same kartet skal løypa vere merka.

(eg skal ikkje gå sjølv i dag)

Atle - tre kommentarar

18 07 10 16:53I fjor gjekk turen til Sørsendalen

I år har vi sett oss ut Øykjeheia. Det går rimeleg flatt innover frå Nesstølen før det skråar inn og oppover.  Vatnet ligg 887 moh, så det ørlite lågare enn i Sørsendalen. Distansen er også litt kortare. Så får vi håpe at alle held seg på beina og unngår skader. Og sjølvsagt må veret spele på lag om turen skal gjennomførast etter oppsettet.

Atle - Berre en kommentar

11 07 10 22:52Hyen igjen, dersom veret er lageleg

Meldingane er ikkje gode for tysdagen. Men om det blir tur blir den omtrent som så:  Køyre inn til Rongkleiva. Gå opp bakkane mot Mjellem før turen tek omtrent rett oppover. Bratt eit stykke, men absolutt overkommeleg. Skrå deretter innover mot søraust. Støylen ligg rett under hammaren. Deretter på nordsida av støylsvatnet, over heia og ned lia til nordre enden av Rombergvatnet, og vegen ned att til Rongkleiva.

Atle - fire kommentarar

07 07 10 07:42Restalljen såg nybrukt ut

- kanskje utan dei kjende luktene. Vi lurte difor på om det var dei to hannane blant para som gjekk fyrst ut i terrenget som hadde briska seg litt på heimveg, men kom vel til at gropene sikkert ikkje var så nybrukte likevel.

Det vart ein fin tur, litt vått i terrenget rett nok, særleg der vi mista råsa. Vi reiste 4 + 4, dei fyrste ein god time før dei neste. Vi brukte godt og vel 1,5 time frå parkeringa og fram på Klompen, Nautskorklompen altså, og fekk eit godt oversyn over store deler av Austredalen. Vi såg etter kartet som dei før oss meinte dei hadde lagt att, men fann det ikkje. Så det kan no vere eit mål for seinare turar, og då kan ein byrje å sjå etter det alt langs vegen frå Å, for her kan det blese ned og fram må vite.

Turveret var bra til å gå i, vi fekk ørlite regn på oss utan at det vætte. Og det sler ikkje feil at det er godt å ha noko å dra over haud og hender på kvileplassen, for den kalde vinden er vanskeleg å unngå.

Atle - Berre en kommentar

05 07 10 07:48Nautskorklumpen - om veret vil

For veret må vere på lag om turen skal bli som oppsett. Den startar med køyring til Rongkleiva i Hyen og innover mot Langevatnet der vi tek beina fatt. Vi tek oss opp stigninga til Vesle Rognkleivsvatnet og går nordover Nautskora. Vi må rekne med litt myrlendte parti. Etter ei stund med rimeleg jamn stigning (ikkje bratt) kjem vi til klumpen som dei fleste som har køyrt Austredalen har sett utan å tenkje på den.  Den ligg rett ovanfor Ommedalen på høgre sida. Det er ein ganske lang tur, i alle fall på kartet, så det krev at vi startar kl 18.00 frå Mardal skule.

Atle - Berre en kommentar

29 06 10 22:47Styggever og skodde

heldt seg vekke akkurat så lenge at vi faktisk kom oss opp på Svartekari denne tysdagskvelden. Eg hadde ikkje så voldsom god tru i 5-tida, men kl 6 møtte vi opp 5 stykker. Vi gjekk faktisk med sol imot oppover Sygnarabbane og Vardebakkane. Skodda la seg som eit brudeslør av tynnaste silke rundt ho Kari i det vi skulle til på siste skrågåinga. Deretter endra tjukta seg til sateng og la seg som eit slep nedover Langedalsida og heia. Vi stogga difor ikkje meir der oppe enn at vi fekk notere oss inn i boka. Regnet, som til no nesten hadde helde seg vekk, kom sterkare på oss ved ein rast på Vardane, men ikkje så at vi vart våte av nemnande grad. Astrid fekk med seg eit par flate steinar ned att, og sonen skal vite at det står ein stein skråstilt mot ein av T-steinane han har sett opp før siste stigning. Ved eit lageleg høve kan den takast med. 

Vi var samde om at vi eigentleg var steikande heldige med veret, hadde regnet og skodda kome tidlegare ville vi nok ikkje ha gått heilt opp. Difor er det også kjekt at vi fekk gått turen for fyrste gong i tysdagstursamanheng, den har vore på lista før utan at veret har klaffa. Vi var nede ved bilen att kl 22, så turen var absolutt gjennomførleg ei kveldsstund.

PS.  Det var ein eller annan som nemnde eit eller anna eg måtte ha med i dette referatet, men eg slit med å hugse det. Dei får heller fylle kommentarfeltet.

Atle - Berre en kommentar

28 06 10 08:06Svartekari

Dette er ein relativt lang tur, vi må rekne med mellom to og to og ein halv time frå parkeringsplassen. Eg føreslår difor at vi startar kl 18.00. Dei som vil, og har tid til det kan starte før, det var nokon på førre tysdagstur som hadde det i tankane. Så får vi håpe på lageleg ver, det er ikkje snakk om å gå opp der dersom skyene tuljar seg inn i toppane. Men det ser vi. Ein tur på Vardane er heller ikkje å forakte.

Atle - Berre en kommentar

22 06 10 22:13Vi fann ikkje Skarvebu

Vi leita nok heller ikkje, men var nok for langt unna, truleg for lagt inne og kanskje ikkje høgt nok heller. Men det var ein fin tur uansett for oss 5 som gjekk. Vi gjekk oppover frå Rauset til klokka vart 21. Då stogga vi og tok ei kort matøkt før vi returnerte. Var såleis nede att i halv elleve tida. AA.R. ville gjere eit lite poeng av at ho vølte på støylsråsa, men eg trur ikkje vi skal nemne det. Vi såg utglidde steinar som vi ikkje la på plass, dei har vel ein olsokdugnad dei og får vi tru. Det var fint turver i dag, ikkje for kaldt og ikkje for heitt. 

Om vi ikkje fann Skarvebu så kom vi over eit anna lite krypinn, nok til at Aase kunne legge seg inn og "aminnje" aldri så lite.

Atle - to kommentarar

20 06 10 09:44Vi må nok flytte Trollenykturen

Og grunnen er rett og slett at vi ikkje kan lite på at vi er nede att medan Lotetunellen er open. Som vi veit har dei stengt denne i 22-tida kvar kveld i lang tid. Turen til Trollenyken tek to timar opp med normal gange, og sjølv med tidlegare start vil vi ikkje kunne nå fram. Og ein ting er sikkert; vi vil ikkje køyre om Stryn tilbake frå tysdagstur når vi kan unngå det ved å gjere andre val.

Alternativet kan vere å ta igjen turen opp til Rausetstøylen, Langholen og rundt Kvanndalen. Eg veit ikkje om Skarvebu er synleg enno, men snøen har i alle fall smelta mykje på dei 14 dagane det er gått sidan vi hadde den på turlista. Dette er også ein rimeleg lang tur, må nok rekne med eit par timar opp då også. Men vi kan sikkert organisere oss slik at dei som vil kan gå til Rausetstøylen og tilbake utan å vere avhengige av dei som eventuelt går vidare.

Eller kanskje nokon har andre forslag, veret kan også vere med å styre oss.

Trollenyken kan vi setje opp att neste år. Den er absolutt verdt ein tur dersom veret er fint, for utsikta er kjempefin til alle kantar.

Atle - Ingen kommentarar

15 06 10 21:47Ein fin tur vart det

opp bratta til Arnestadfjellet. GPS-en var ikkje finjustert i starten, men så snart det vart gjort kom vi på rett veg. Vi gjekk i kjent hjorteterreng for vi passerte fleire posteringar på vegen, og det var typisk bukkemark rett utanfor der vi gjekk. Vel oppe fekk vi også i år synet av ein turistbåt som gjekk ut fjorden. Ho Liv trengde ikkje lugge denne dagen, ho var villeg til å forsvare veslebroren mop mobben sidan eg også denne kvelden var åleine gut. Men dei seks andre kvinnfolka klarte ikkje å plage  meg slik at det vart naudsynt. Ikkje ein gong å nappe i musaflettene. På veg ned att fekk vi igjen bruk for den innenbygde GPS-en, og den funka slik at vi traff kjapt på råsa ned til Arnestadstøylen. Vi var tilbake ved skulen litt før halv elleve, og var samstemte på at det hadde vore ein fin tur.

Atle - Ingen kommentarar

14 06 10 11:54Arnestadfjellet

ligg der og seier "kom, kom, men gå frå Tungeelva denne gongen". Og det skal vi saktens prøve. I praksis vil det seie at vi køyrer oppover Langedalsvegen, men slett ikkje til endes. Kort etter den knappe svingen der vegen går innover mot osen er der utbana ein traktorveg oppover. Og ferda går vidare opp bakkane derifrå og vrir seg inn på Arnestadfjellet. Deretter vidare innover og ned på Arnestadstøylen. Vi kan kanskje rekne med litt myrparti, men veret ser i alle fall ut til å bli lageleg.

Atle - Ingen kommentarar

Navlerusk

01 04 10 11:05Tysdagsturar 2010

Turane startar normalt med frammøte ved Mardal skule kl 18.30. Nokre gongar, og då spesielt på lengre turar, startar vi før og tidspunktet blir skreve inn på heimesida for kvar gong før turdagen.

Resterande turliste i år ser slik ut:

08.6  Rausetstøylen - Kvanndalen / Skarvebu

15.6  Tungeelva - Arnestadfjellet - Arnestadstøylen

22.6  Trollenyken på Eid (over Lotetunellen)

29.6  Svartekari

06.7  Rongkleiva - Nautskorklumpen

14.7  Rongkleiva - Mjellemstøylen - Rombergvatnet

20.7  Nesstøylen - Øykjeheia

27.7  Kandal (Løvland) - Blådalsvatnet

03.8  Ommedalsstøylen - Vasslivatnet

10.8  Svinestranda - Nonstuva

17.8  Sandstøylen - Nautefjellet - Høgehaugen

24.8  Utvikfjellet - Fløtravarden (med lykt)

Atle - Ingen kommentarar

17 03 10 18:03Arrangement 2010

Onsdag 31. mars: Bingo & påskepub

Mandag 3. mai: Dugnad

Mandag 17. mai: Feiring

Onsdag 23. juni: Jonsokfeiring

Søndag 26. september: Krinsbasar

Fredag 22 oktober: Bingo & haustpub

Søndag 14. november: Bygdakveld

Søndag 5. desember : Juleverkstad

Tirs 4. juledag: Fjerdedagsfest

Lørdag 1. nyttårsdag 2010: Jule/nyttårspub 

Søndag 30. januar 2011: Årsmøte

SveinOve - Ingen kommentarar

01 12 08 11:12AKTIVITETSKALENDAR

Ønskjer du å leige skulehuset?
Sjekk først Aktivitetskalendaren for ledige dagar

SveinOve - Ingen kommentarar