Eggestøylen-Gåsemyrstøylen
To bilar med forventningsfulle turgåarar parkerte ikkje så altfor langt frå Eggestøylen.Den kom brått på, så det var bra vi hadde tenkt oss lenger.Vegen innover dalen var drygare enn vi hadde trudd,-men omgjevnadane var ville og vakre.Det var tidleg års her inne.Lite grønt å sjå.Ved vatnet gjekk vi over eit par ras,som hadde ført med seg både stein og kvist. Det kan hende at dette var sesongens lettaste tur, men jammen måtte vi løfte føtene! Litt kald trekk, men vi fann oss le ved støylshusa inne på støylen, slik at vi fekk i oss nista. Vi brukte 1 time ut att til bilane og var på heimvegg 21.30. Det var mange ting vi lurte på mens vi åt,-og dei som evt har teke reide på noko, må for all del dele det med oss på "kommentar". Vi vil gjerne sjå att denne dalen og støylane i litt meir sommarleg drakt. Ein tur som kan anbefalast!
Ingen kommentarar:
Ingen tilbaketråkk: