Ein fin tur vart det
opp bratta til Arnestadfjellet. GPS-en var ikkje finjustert i starten, men så snart det vart gjort kom vi på rett veg. Vi gjekk i kjent hjorteterreng for vi passerte fleire posteringar på vegen, og det var typisk bukkemark rett utanfor der vi gjekk. Vel oppe fekk vi også i år synet av ein turistbåt som gjekk ut fjorden. Ho Liv trengde ikkje lugge denne dagen, ho var villeg til å forsvare veslebroren mop mobben sidan eg også denne kvelden var åleine gut. Men dei seks andre kvinnfolka klarte ikkje å plage meg slik at det vart naudsynt. Ikkje ein gong å nappe i musaflettene. På veg ned att fekk vi igjen bruk for den innenbygde GPS-en, og den funka slik at vi traff kjapt på råsa ned til Arnestadstøylen. Vi var tilbake ved skulen litt før halv elleve, og var samstemte på at det hadde vore ein fin tur.Ingen kommentarar:
Ingen tilbaketråkk:
Aktiver Javascript for å generere en URL for tilbaketråkk.