Vi må nok flytte Trollenykturen
Og grunnen er rett og slett at vi ikkje kan lite på at vi er nede att medan Lotetunellen er open. Som vi veit har dei stengt denne i 22-tida kvar kveld i lang tid. Turen til Trollenyken tek to timar opp med normal gange, og sjølv med tidlegare start vil vi ikkje kunne nå fram. Og ein ting er sikkert; vi vil ikkje køyre om Stryn tilbake frå tysdagstur når vi kan unngå det ved å gjere andre val.
Alternativet kan vere å ta igjen turen opp til Rausetstøylen, Langholen og rundt Kvanndalen. Eg veit ikkje om Skarvebu er synleg enno, men snøen har i alle fall smelta mykje på dei 14 dagane det er gått sidan vi hadde den på turlista. Dette er også ein rimeleg lang tur, må nok rekne med eit par timar opp då også. Men vi kan sikkert organisere oss slik at dei som vil kan gå til Rausetstøylen og tilbake utan å vere avhengige av dei som eventuelt går vidare.
Eller kanskje nokon har andre forslag, veret kan også vere med å styre oss.
Trollenyken kan vi setje opp att neste år. Den er absolutt verdt ein tur dersom veret er fint, for utsikta er kjempefin til alle kantar.
Ingen kommentarar:
Ingen tilbaketråkk: