Siste kommentarer

Aase R S (Fløtravarden): Tursesongen er over, men …
Edny (Fløtravarden): Ja,-siste turen er unnagj…
Aase RS (Fløtravarden): Er dessverre forhindra i …
Marie (Sesongens nest si…): Idag var det ingen proble…
Edny (Ommedalsstøylen -…): Det er visst skrivetørke …
Aase RS (Ommedalsstøylen -…): Eg håpar forresten at ein…
Aase RS (Ommedalsstøylen -…): Nei, det er vi ikkje R…
Liv (Ommedalsstøylen -…): Det var ein kjekk tur Aas…
Aase RS (Ommedalsstøylen -…): Det er visst ingen med &#…
Marie (Ommedalsstøylen -…): Tur-referat frå turen Gje…

Arkiv

01 sep - 30 sep 2006
01 okt - 31 okt 2007
01 mai - 31 mai 2008
01 jun - 30 jun 2008
01 jul - 31 jul 2008
01 aug - 31 aug 2008
01 okt - 31 okt 2008
01 nov - 30 nov 2008
01 des - 31 des 2008
01 jan - 31 jan 2009
01 feb - 28 feb 2009
01 apr - 30 apr 2009
01 mai - 31 mai 2009
01 jun - 30 jun 2009
01 jul - 31 jul 2009
01 aug - 31 aug 2009
01 sep - 30 sep 2009
01 des - 31 des 2009
01 jan - 31 jan 2010
01 mar - 31 mar 2010
01 apr - 30 apr 2010
01 aug - 31 aug 2010

____________________________

  Langeteig Consulting(c)2005

« Vi må nok flytte Trol… | Home | Svartekari »

Vi fann ikkje Skarvebu

Vi leita nok heller ikkje, men var nok for langt unna, truleg for lagt inne og kanskje ikkje høgt nok heller. Men det var ein fin tur uansett for oss 5 som gjekk. Vi gjekk oppover frå Rauset til klokka vart 21. Då stogga vi og tok ei kort matøkt før vi returnerte. Var såleis nede att i halv elleve tida. AA.R. ville gjere eit lite poeng av at ho vølte på støylsråsa, men eg trur ikkje vi skal nemne det. Vi såg utglidde steinar som vi ikkje la på plass, dei har vel ein olsokdugnad dei og får vi tru. Det var fint turver i dag, ikkje for kaldt og ikkje for heitt. 

Om vi ikkje fann Skarvebu så kom vi over eit anna lite krypinn, nok til at Aase kunne legge seg inn og "aminnje" aldri så lite.



to kommentarar:

Eg vil nytte høvet til å takke GPS-Atle og mine tre medvandrarar Elise, Majken og Asbjørg for årets finaste tur så langt. Før vi drog visste vi ikkje kvar vi skulle, og etter at vi kom heim visste vi ikkje kvar vi hadde vore, om vi i det heile hadde vore der, men er det ikkje akkurat med dette som elles i sjølve livet, ei vandring utan fasit og førehandsbestemt mål?

Som Atle skriv – vi fann ikkje Skarvebu, berre ei skarve bu (Fotodokumentasjonen får kome til hausten). Men FOR ein tur!

Så vil eg gjerne kome med eit lite ynskje: Neste tur er til Svartekari. Der har eg aldri vore, men har hatt lyst å kome der i 50 år, så det er litt om å gjere for meg å greie det på den kveldsøkta vi har til diposisjon. Er det nokon der ute som kan vegen og som kan tenkje seg å starte før? Eg er tilgjengeleg heile tida etter nons.
Aase RS - 23 06 10 - 09:45

Kommentar til kommentaren: Føresetnad for å gje seg i veg til Svartekari er at det er opphaldsver, for sleipe steinar held eg meg helst langt unna. Ikkje vil eg ha skodde heller, men det er vel ingen andre som vil heller.
AaseRS - 24 06 10 - 16:02


Ingen tilbaketråkk:

Aktiver Javascript for å generere en URL for tilbaketråkk.


Navn:  
Husk personlig info?

E-post:
URL:
Kommentar: Føleikon / Textile

  ( Registrer ditt brukernavn / logg inn )

Varsling:

Merk: Alle HTML-tagger utenom <b> og <i> fjernes fra kommentarer. Du kan lage lenker ved å skrive URLen eller e-postadressen rett inn i teksten.