Styggever og skodde
heldt seg vekke akkurat så lenge at vi faktisk kom oss opp på Svartekari denne tysdagskvelden. Eg hadde ikkje så voldsom god tru i 5-tida, men kl 6 møtte vi opp 5 stykker. Vi gjekk faktisk med sol imot oppover Sygnarabbane og Vardebakkane. Skodda la seg som eit brudeslør av tynnaste silke rundt ho Kari i det vi skulle til på siste skrågåinga. Deretter endra tjukta seg til sateng og la seg som eit slep nedover Langedalsida og heia. Vi stogga difor ikkje meir der oppe enn at vi fekk notere oss inn i boka. Regnet, som til no nesten hadde helde seg vekk, kom sterkare på oss ved ein rast på Vardane, men ikkje så at vi vart våte av nemnande grad. Astrid fekk med seg eit par flate steinar ned att, og sonen skal vite at det står ein stein skråstilt mot ein av T-steinane han har sett opp før siste stigning. Ved eit lageleg høve kan den takast med.
Vi var samde om at vi eigentleg var steikande heldige med veret, hadde regnet og skodda kome tidlegare ville vi nok ikkje ha gått heilt opp. Difor er det også kjekt at vi fekk gått turen for fyrste gong i tysdagstursamanheng, den har vore på lista før utan at veret har klaffa. Vi var nede ved bilen att kl 22, så turen var absolutt gjennomførleg ei kveldsstund.
PS. Det var ein eller annan som nemnde eit eller anna eg måtte ha med i dette referatet, men eg slit med å hugse det. Dei får heller fylle kommentarfeltet.
Berre en kommentar:
Du tenkjer muligens på mi vesle omskriving av Jakob Sande på tilbaketuren – Dei kappsprang med skodda mot støylen – og det gjorde vi, til tider. Men turen var fin for det.
Aase RS - 30 06 10 - 09:05
Ingen tilbaketråkk: