Nautskorklumpen - om veret vil
For veret må vere på lag om turen skal bli som oppsett. Den startar med køyring til Rongkleiva i Hyen og innover mot Langevatnet der vi tek beina fatt. Vi tek oss opp stigninga til Vesle Rognkleivsvatnet og går nordover Nautskora. Vi må rekne med litt myrlendte parti. Etter ei stund med rimeleg jamn stigning (ikkje bratt) kjem vi til klumpen som dei fleste som har køyrt Austredalen har sett utan å tenkje på den. Den ligg rett ovanfor Ommedalen på høgre sida. Det er ein ganske lang tur, i alle fall på kartet, så det krev at vi startar kl 18.00 frå Mardal skule.Berre en kommentar:
Har snakka med kjendtfolk, og kanskje blir han med på turen…Vess det ikkje vart veldig laglege forhold for å ta tørrhøy i kveld/natt….
Regnbyene har vorte ferre, men ikkje heilt trygt endå—-
Vi kan køyre eitt stykke retning Langevatnet.
Vi får sjå det ann te klokka seks og bestemme oss for om vi fer inn på Kleivane…
Marie - 06 07 10 - 15:14
Ingen tilbaketråkk: