Hyen igjen, dersom veret er lageleg
Meldingane er ikkje gode for tysdagen. Men om det blir tur blir den omtrent som så: Køyre inn til Rongkleiva. Gå opp bakkane mot Mjellem før turen tek omtrent rett oppover. Bratt eit stykke, men absolutt overkommeleg. Skrå deretter innover mot søraust. Støylen ligg rett under hammaren. Deretter på nordsida av støylsvatnet, over heia og ned lia til nordre enden av Rombergvatnet, og vegen ned att til Rongkleiva.fire kommentarar:
Ligg planane for dagen fast, eller er skodde/regn/etc noko hinder? Avreisetidspunkt som vanleg eller?
Aase RS - 13 07 10 - 13:28
Eg står over. Har ein strekk i høgre legg som må legast. Er også litt usikker på veret / skodda.
Atle S (E-post) - 13 07 10 - 15:44
Har snakka med folk i Austredala, dar ha`kje regna so långt i dag turområdet…. Og skodda e over vårt turmål..
Marie - 13 07 10 - 16:47
Turen i dag var det dårleg oppmøte på, kun Kornelius og Astrid. Dei var ikkje sikkre på om dei skulle gå men etter ein telefon til ei hytte i Gjengdalen vart vi einige om å vere med, 4 gloppara og 2 vossingar. Vi gjekk opp vegen til inntaket på kraftstasjonen/rombergvatne og der etter til mjellemsvatne og støylen og deretter ned til Mjellem med avslutting i Gjengdalen med forfriskningar. Det var kjempe fint turveir uten tåke. Dei som har vore med tidleggare på tura sa att det var ein av dei finaste dei hadde vore med på.
Frode H. (E-post) - 13 07 10 - 23:32
Ingen tilbaketråkk: